Hopp til innhold

Sjukepleiar mistenkt for omfattande pilletjuveri frå sjukeheim

Ein sjukepleiar på Sunnmøre risikerer no å misse autorisasjonen etter mistankar om tjuveri av narkotiske tablettar frå sjukeheimen der ho arbeider. Helsetilsynet og politiet granskar saka.

Tabletter

Sjukepleiaren nektar for å ha tatt narkotiske tablettar frå pasientane sine. No blir saka granska.

Foto: Julija Sapic / Colourbox

Sjukepleiaren har ikkje vore på arbeid på sjukeheimen sidan slutten av oktober, då ho blei suspendert. Då hadde ho ei overordna stilling.

I november fekk Fylkesmannen ei uromelding fordi det blei oppdaga svinn av legemiddel av typen A og B, det vil seie medikament som er reseptpliktige og med stor misbruksrisiko, og legemiddel med noko mindre misbruksrisiko.

I forkant av dette hadde fleire av kollegaene reagert på at sjukepleiaren brukte lang tid på handtering av legemiddel, og undra seg over måten det blei gjort på.

Helsetilsynet vurderer saka

Rett etter jul blei saka meld til politiet.

Frå før var Helsetilsynet kopla inn, og dei vurderer no å tilbakekalle autorisasjonen til kvinna.

Dei vil no vurdere om kvinna er skikka til å halde fram i arbeidet dersom det skulle vise seg at ho har stole narkotiske tablettar som var meint for pasientane. I tillegg skal dei også vurdere om inntak av narkotiske tablettar gjer henne uskikka til å vere sjukepleiar.

Portrett Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier tilsette i helsevesenet, som rusar seg, kan utgjere ein fare for pasienttryggleiken.

Foto: Fylkesmannen

– Vi ser alvorleg på saka fordi helsevesenet er avhengig av at ein kan ha tillit til dei tilsette. Det kan utgjere ein fare for tryggleiken til pasientane dersom dei tilsette stel og eventuelt er påverka, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Kor uvanleg er det at tilsette stel medikament frå pasientane?

Vi har fleire slike saker, seier ho, og viser samtidig til ei av hovudårsakene til at helsepersonell misser autorisasjon, nettopp er rusmisbruk.

Tok bilde av medisinane

Ifølgje arbeidsgjevaren blei dei for alvor mistenksame då eit apotek i oktober leverte medisin til fleire pasientar på sjukeheimen. I samband med leveringa skal sjukepleiaren ha gitt beskjed om at ho sjølv skulle handtere legemidla, og at dette skulle vente til ho kom på arbeid om kvelden.

Fleire av kollegaene hadde dei siste månadene reagert på at sjukepleiaren brukte lang tid ved handtering av legemiddel, og også måten det blei gjort på.

Ein kollega tok difor bilde av dei forsegla medisinane og pakksetelen før og etter at ho tok imot leveransane. Etter at ho hadde gått gjennom medisinen, skal pakksetelen, deler av medisinen og også rekneskapen over bruken av legemiddelet for den aktuelle pasienten ha forsvunne.

Fleire undersøkingar dagen etter skal ha vist at fleire andre pakksetlar frå apoteket også var borte, og medikamentrekneskapa endra. Ifølgje brevet frå Helsetilsynet skal det også ha vore henta ut medisin til ein pasient som ikkje hadde brukt det på lang tid.

Nektar det meste

Ifølgje brevet frå Helsetilsynet har sjukepleiaren nekta for tjuveri og for å vere avhengig av narkotiske tablettar, men vedgått å ha brote rutinane for legemiddelhandtering.

I eit møte med leiinga skal kvinna ha skulda på andre for medikamenttjuveria, og forklart at rekneskapane var makulerte fordi dei var rotete.

I brev til Fylkesmannen skal ho også ha tatt sterk avstand frå skuldingane om tjuveri, og vektlagt at det ikkje finst dokumenterte bevis.