Hopp til innhold

Sjukehustilsett dømt til fengsel

Ein mann i 30-åra frå Romsdal er dømt til fengsel i eitt år og seks månader for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg seksuell omgang med ein pasient som var innlagt på sjukehuset der han jobba. Dette gjorde han mot den kvinneleg pasienten si vilje.

Mannen erkjente ikkje straffeskuld då saka blei behandla i Møre og Romsdal tingrett.

I dommen står det at mannen oppsøkte kvinna fleire gonger i løpet av ein kveld og gjorde seksualiserte handlingar mot ho.

Med bakgrunn i informasjonen som kom fram under rettssaka meiner retten at mannen utnytta overmaktsforholdet som han hadde over den kvinnelege pasienten. Dei har også vektlagt at ho var under behandling og var i ein særleg sårbar på grunn av sin sjukdomssituasjon.

Retten la også vekt på kvinna si forklaring og DNA-bevis som blei funne på kleda til kvinna. Dei dømde difor mannen til fengsel.

Mannen er også dømt for brot på helsepersonellova.

I tillegg til fengselsstraffa er han dømd til å betale 160.000 kroner i erstatning til kvinna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL