Hopp til innhold

Sjeføkonomen likte ikkje lekkasjane

Mesteparten av Statsbudsjettet var kjent halvannan time før morgonmøtet i Sparebanken Møre i dag. Det fall ikkje heilt i smak hos sjeføkonomen.

Inge Furre

Inge Furre er sjeføkonom i Sparebanken Møre og har fartstid frå mellom anna Finansdepartementet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei mange og omfattande lekkasjane om statsbudsjettet dei siste dagane skaper reaksjonar, også mellom finansfolk. Difor var det også få overraskingar då framlegget til statsbudsjett endeleg blei presentert klokka 10 i føremiddag.

– Det er veldig spesielt at eg kan gjere greie for hovudlinene i budsjettforslaget på morgonmøtet i banken ein og ein halv time før Stortinget formelt får forslaget. Dette bør det ryddast opp i, seier Inge Furre, sjefsøkonom i Sparebanken Møre.

Lekkasjar frå forslga til statsbudsjett har det alltid vore, men denne gongen har det vore ekstra mykje, synes han.

Held krona nede

Furre meiner Møre og Romsdal kjem til å få relativ stor glede av dagens budsjettforslag, og peikar på at det er lagt opp til ei vidt spekter aktivitetar innan både maritim sektor, helse og samferdsel.

At det også blir gitt skattelette samtidig som rentenivået er på veg ned, vil gagne folk flest.

– Det vil også vere med og dempe den auka arbeidsløysa, seier Furre.

Han er samd med konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein som meiner dette generelt er eit bra og ekspansivt budsjett. Budsjettet kjem ikkje til å truge den lave kronekursen.

– Det er viktig når oljeprisen har falt så mykje, at kronekursen er svekka. Det kan få gi fleire oppdrag til norske verft, seier Ulstein til NRK.

Gunvor Ulstein

Konsernsjef Gunvor Ulstein var mellom dei mange næringslivstoppane som venta spent på dagens statsbudsjett.

Foto: Arne Flatin / NRK

Furre supplerer og seier at betre rammevilkår for den maritime næringa gjennom ei svak krone, saman med til dømes satsing på meir vedlikehald, er ein fordel.

Pengebruken er ikkje berekraftig

Regjeringa vil bruke rekordmange oljekroner i statsbudsjettet for neste år. 194 milliardar er 2,8 prosent av verdien til oljefondet. I følgje Furre blir dei store summane neppe noko stort problem i 2016. Det blir jo alt rekna som eit unntaksår i norsk økonomi.

– Men på lengre sikt er ein slik pengebruk ikkje berekraftig. Etterkvart må innstrammingane starte, og det relativt snart, slår Furre fast.

Han er klar på at det er mykje verre å stramme inn offentlege utgifter enn det motsette.

– Men der finst det ikkje noko alternativ etter mi oppfatning. Dette er ikkje berekraftig over tid, meiner sjeføkonom Inge Furre.