Hopp til innhold

Sikta for valdtekt av fleire barn – fengsla i fire veker

Ein mann busett i Møre og Romsdal er varetektsfengsla i fire veker, sikta for seksuelle overgrep mot to små barn. Retten fryktar at han gjer nye overgrep dersom han blir sett fri.

Norges lover tingrett

Ein mann er sikta for valdtekt av fleire barn, og no varetektsfengsla i fire veker.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Mannen er sikta etter paragraf 299a i Straffelova, som omhandlar valdtekt av barn under 14 år, og skal ifølgje siktinga ha forgripe seg mot dei gjentekne gongar.

Onsdag blei han fengsla i fire veker, med brev- og besøkskontroll. Politiet meiner det er fare for at mannen vil kunne øydelegge bevis og også halde fram med overgrepa, dersom han blir sett fri.

– Vi er heilt i startfasen på etterforskinga, og vil ikkje kommentere saka, seier politiadvokat Cathrin Remøy til NRK.

Fleire kan ha blitt utsette for det same

Ifølgje avgjerda frå tingretten kan fleire andre barn ha blitt utsette for det same:

«Retten viser også til at det foreligger opplysninger om at også andre barn kan være utsatt for tilsvarende omgang fra siktede».

I avgjerda kjem det fram at dei to skal ha forklart seg om gjentekne seksuelle overgrep, og retten festar lit til forklaringane.

Advokat Erling Flisnes er forsvarar for mannen.

Han vedgår ikkje straffskuld, seier Flisnes.

Fryktar han kan stikke av

Mannen kom til Noreg for nokre år sidan, men har ifølgje retten ikkje sterk tilknyting til landet. Faren for at han stikk av, blei difor også vektlagt, då politiet fekk medhald i retten for å fengsle han i fire veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL