Hopp til innhold

Sikta for seksuell omgang med barn

Ein mann i 20-åra er sikta for å mellom anna hatt seksuell omgang med eit barn under 14 år og for å ha hatt seksuell omgang med eit barn mellom 14 og 16 år. Det er totalt tre fornærma i saka. Mannen har sete fengsla medan saka mot han blir etterforska og politiet bad om vidare fengsling. Retten meinte mellom anna at det var fare for at mannen kunne øydelegge bevis om han blei slept fri og gjekk med på å fengsle han i fire nye veker.