Hopp til innhold

Siger til Molde Elite – sikra plass i sluttspelet

Molde Elite vann over Tertnes i kveldens handballkamp. Resultatet blei til slutt 30–28 til moldensarane. Til pause leia Tertnes med tre mål. Dei leia også mykje av andre omgang, men rundt femten minutt ut i omgangen greidde Molde Elite å gå forbi Tertnes. Christine Karlsen Alver scora flest mål for Molde med sju mål.

Med sigeren i boks er Molde Elite også sikra ein plass i sluttspelet. Dei ligg no på ein åttandeplass på tabellen i eliteserien i handball og det er nemleg dei åtte beste laga som går til kvartfinalane i sluttspelet.

Trenar Tor Odvar Moen seier at dette er noko dei har jobba mot.

– Det har vore ei gulrot for oss når vi låg litt lenger nede på tabellen med mindre poeng. No blir det spennande kven vi møter, seier han.

 Tor Odvar Moen, Moldetrenar
Foto: Frode Berg / NRK