Bedrifta ba om meir tid til å redusere utsleppa av den omstridde miljøgifta brommerte flammehemmarar, etter at SFT i februar skjerpa utsleppskrava.
Arbeidsplassar
Brødrene Sunde meiner arbeidsplassar står i fare dersom dei ikkje får betre tid på å bygge reinseanlegg.
Det var i januar i år at SFT vart kjent med at Brødrene Sunde i 2004 slapp ut 12 kilo med giftsoffet HBCDD, også kjent som bromerte flammehemmarar, til Åsefjorden i Ålesund.
Ein kilo i året
Bedrifta hadde løyve til å sleppe ut ein kilo i året. Difor fekk Brødrene Sunde beskjed om å stanse utsleppa, noko som førte til at deler av produksjonene vart stansa.
I klagen til SFT skreiv bedrifta at arbeidsplasser stod i fare om dei ikkje fekk ta opp igjen produksjonen, medan det vert jobba med å få reinsa utsleppa.
Miljøverndepartementet avgjer
Det har SFT no sagt et klart nei til. Saka går difor vidare til Miljøverndepartementet som skal ta den endelege avgjerda. Diektør i Brødrene Sunde Frode Fagervoll, vil ikke kommentere saka no.