Hopp til innhold

Seriestart med stor optimisme

Molde og Aalesund kjem til å hevde seg blant dei seks beste i årets Eliteserie. Det meiner ekspertar som NRK har snakka med. Det er no berre ei veke til AaFK spelar sin første heimekamp- mot Fredrikstad.

Video Stor optimisme før seriestart

Ole Gunnar Solskjær og Kjetil Rekdal i munter prat før seriestart

Det er optimisme i toppfotballen i Møre og Romsdal. I Ålesund er det serieopning om ei veke. Reidar Vågnes har vore trenar for Molde og sportsleg leiar for AaFK. Han har stor tru på begge laga.

- Topp 6 for begge lag

Reidar Vågnes

Reidar Vågnes har stor tru på at begge lag kan vere topp 6

Foto: Bernt Baltszersen / NRK

- Eg har god tru på at begge laga kan bli topp seks - men då er eg litt optimistisk av natur, smiler Vågnes.

Molde, som serieopnar mot Sarpsborg alt på fredag, har Ole Gunnar Solskjær- det mest spennande namnet i årets Eliteserie- og Solskjær effekten vil kome.

- På lang sikt så er eg ikkje i tvil om dette. Skal du ha gode resultat så må du ha god tid, og Ole Gunnar er vel ein av dei som kan få tid.

Og Solskjær vil bygge opp eit miljø i Molde- han har god tid og kjem til å bruke alle spelarane i stallen ut over i sesongen.

Viste seg fram for AaFK

Sliten Moldskred

- Vil ha ein samansveisa gjeng

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær leitar etter eit komplett lag og ikkje berre ein første-elvar

Foto: Remi Sagen / NRK

- Eg leitar ikkje etter ein første-elvar, eg leitar etter ein tropp og eit lag og ein samansveisa gjeng som kan stå saman. Spelarane skal utviklast og dei skal vite korleis vi skal spele fotball ilag.

Og Kjetil Rekdal som signerte ny kontrakt før helga er sikker på at laget hans kan utvikle seg mykje i åra som kjem.

- Spennande stall

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal meiner AaFK har ein av dei mest spennande spelarstallane

Foto: Bernt Baltszersen / NRK

- Eg meiner at AaFK har ein av dei mest spennande spelarstallane i tippeligaen. Mange av spelarane er rundt 21-22 år og eindel av dei har erfaring. Viss vi greier å sette sammen eit lag og spelar ein type fotball som passar dei, så kan det bli mange salg herifrå og i åra framover.

I helga tok fotballsupporterar både i Molde og Ålesund innover seg at sesongen snart er i gang.

Etter Fredagens kick off og lørdagens siste treningskamp mot Molde er supporterane klare til årets Tippeligastart.

Video Optimistiske MFK-supporterar

Stor optimisme blant supporterane

18.mars møter Molde Sarpsborg. Og sjølv om vinteren herjar, betyr det ingenting for fotballglade supporterar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL