Hopp til innhold

Seniorar usikre på pensjonsordninga

Mange er i tvil om dei skal nytte seg av ny fleksibel pensjonsordning for private bedrifter. NAV opplever stor pågang frå usikre seniorar.

Video GULLPENSJON

VIDEO: Bussjåfør Osvcar Frekøy er i tvil om han skal halde fram med å køyre buss etter at han har vorte pensjonist.

I over 40 år har bussjåfør Oscar Frekøy hatt arbeidplassen sin i store køyrety. Om kort tid fyller han 62 år og kan ta ut pensjon, men helst vil han halde fram bak rattet.

- Ja, om helsa held og forholda er som dei har vore, så vil eg gjerne halde fram i jobben.

Mange er i tvil

No har han moglegheita til det. Når han vert 62 år kan han velje å gå av med pensjon, men like vel halde fram med å jobbe.

- Den moglegheita vurderer eg sterkt, seier Frekøy.

Men Frekøy e ikkje åleine om å vere i tvil.

- Det er ein god del folk her som lurer på kva dei skal gjere, fortel avdelingsleiar for Nettbuss Møre, Morten Oksavik.

- Fordi vi har eit mål om å behalde flest mogleg av dei som er over 60, har vi arrangert møter for dei og spurt dei kva det er dei ønskjer og kva arbeidsgjevar kan gjere for å behalde dei lengst mogleg.

Sjå kva leiar i Norsk Pensjonistforbund, Borge Rørvik, seier om pensjonsreformen:

Video Borge Rørvik om pensjonsreformen

VIDEO: Borge Rørvik er leiar i Norsk Pensjonistforbund

Stor pågang

Svært mange vender seg til NAV med sine spørsmål. Der er den nye pensjonsordninga eit daglegdags tema.

- Vi trudde det skulle verte mindre etter nyttår, sidan reformen tredde i kraft 1.januar, men det viser seg at pågangen framleis er stor, fortel rettleiar ved NAV Ålesund, Anne Asbjørnsen.

Om kort tid må også den erfarne bussjåføren ta ei avgjersle.

- Eg veit ein del av kriteria, men før eg tek den endelege avgjersla, vil eg nok ta kontakt for å få råd, seier Oscar Frekøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL