NRK Meny

Satsar på Nederland

Reiselivet på Sunnmøre vil satse meir på Nederland i kurs- og konferansemarknaden. Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Innovasjon Norge arbeider for at fleire utanlandske bedrifter skal legge kurs og konferansar til regionen. Salssjef Oddhold Breivik seier direkte flysamband til Amsterdam gjer det enkelt for nederlendarane å kome hit.

Avgangstavle på Schipol i Amsterdam
Foto: CRIS TOALA OLIVARES / Ap