– Det gir mykje meining å ete insekt. Insektoppdrett er meir berekraftig enn produksjon av andre produkt, seier Victoria Stokke.
Det var framtida.no som først omtalte saka.
Skal drive oppdrett
INSEKT: Victoria Stokke er ein av dei to i firmaet som skal levere insekt til norske matfat.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKDei to gründerane i Myldregard AS møttest på studiet Industriell økologi på NTNU i Trondheim, og saman fann dei ut dei skulle importere insektprodukt.
– Me skal byrje å importere produkt som kjeks og proteinsjokolade. Maten er produsert med insektmjøl, og den er gjerne pynta med insekt, seier Stokke.
– Når me får fortalt om idéen og folk tenker litt over det, så er dei fleste positive. Dei er nysgjerrige og tenker at dei kunne prøvd insekt, seier Stokke.
EKSPERIMENTERER: Ida Hexeberg Rustad (30) har alt byrja å prøve seg på oppdrett av mjølmums.
Foto: PrivatDei skal importere frå ein leverandør i Europa, og etter kvart skal dei også drive med oppdrett av mjølmums, og grashopper. Dei skal også levere bielarvar.
– Eg eksperimenterer litt med oppdrett av mjølmums på badet no. Eg prøver å finne ut litt kor mykje dei toler, seier Ida Hexeberg Rustad.
Berekraftig mat
Idéen om å ete insekt fekk Ida då ho lurte på korleis ho kunne få proteinkjelder frå hagen.
STEIKT: Ida Hexeberg Rustad har prøvd å steike frysetørka grashopper, og det fall i smak.
Foto: Privat– Eg visste at maur var etande, så eg søkte litt på internett. Då fann eg ut at insekt har byrja å bli populært å ete i den vestlege verda, seier Rustad.
For Victoria var det ein rapport frå FN i 2013 som gjorde at ho kom på sporet. Rapporten la fram at me må ete meir insekt.
– Det er meir klimavenleg, med mindre utslepp. Det krev mindre landareal, og så er det sunt, seier Stokke.
Likar insekt
Gründerane er truleg dei første som tilbyr insekt-mat i Noreg, og sjølv har Victoria Stokke smakt insekt-sjokolade og larvar, såkalla mjølmums.
GRASHOPPEWRAP: «Bugitos» er namnet på retten der ein har grashopper i wrap.
Foto: Privat– Larvar er ganske godt, med nøtteaktig smak. At ein veit at ein et insekt, er ofte det som er barrieren, men det må folk berre komme over, seier Victoria.
Firmapartnaren Ida Hexeberg Rustad har også smakt på bielarvar.
– Dei som er sprøsteikt smakar litt som chips, og dei som ikkje er sprøsteikt, minner litt om avokado, seier Ida Hexeberg Rustad.
Blir mat på restaurant
GRASHOPPER: Dei startar med import av insekt-mat, og oppdrett av grashopper, og av mjølmums er neste steg for dei to gründerane.
Foto: PrivatDei to firmapartnarane har til no vore i kontakt med forskjellige kundar Trondheim, og etter kvart satsar dei på å kunne levere produkt til restaurantar også i Ålesund.
– Når me får til oppdrett sjølve, så er det fleire som gjerne vil ha ferske grashopper, slik at dei kan lage spanande og innovative rettar, seier Stokke.
– Me må komme over den barrieren om at insekt skal vera så ekkelt. I veldig mange delar av verda, så et dei insekt som om det var heilt vanleg, seier ho.
MJØLMUMS: Dersom dei to gründerane får det som dei vil, så vil fleire ha mogelegheit til å ete mjølmums i framtida. Dei har starta firma i Trondheim, og ynskjer etter kvart å utvide å også levere til Ålesund.
Foto: PrivatHØYR INTERVJUET:
HØYR OGSÅ: