Hopp til innhold

Satsar på Europa

Uforsyklisten Robin Andrè Ryste Skjeret satsar hardt på å etablere seg i europatoppen. Nyleg kom han tilbake frå tre veker med konkurranse i utlandet. Og heime i Volda gjer han klar syklane til nye konkurransar.

Robin Andrè Ryste Skjeret syklar i norgestoppen i utforsykling.

Robin Andrè Ryste Skjeret satsar på utforsykling.

Han reknar seg sjølv som ein av dei 10 beste i landet på seniorsida. I fjor vart han nummer to i junior-NM og nummer tre i Noregscupen for junior samanlagt.

I år er han senior for første gong. Nyleg har han vore i Sverige og Austerrike i tre veker for å konkurrere. Han tek fri frå lærlingejobben sin i to månader i sommar for å verte best muleg.

Kostar pengar

Robin Andrè Ryste Skjeret

Robin Andrè Ryste Skjeret i farta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter at han fylte 18 år har han investert i varebil med plass til syklane og med plass til ei seng, slik at han sparer tid og pengar. Sponsorane står ikkje akkurat i kø for ein som satsar i ein slik idrett, men han har fått stipend, men det kostar å vere med i denne idretten.

Berre sykkelen kostar 75 000 kroner, og det tek tid og pengar å halde alt ved like.

Heime i Volda syklar han på stiar som han har vore med på å lage til. Det går fort nedoverbakke, desto lenger tid oppover. Ambisjonane er å vere med i det gode selskap i Europa. Dei beste som er med er i dag i slutten av 20-åra. Det betyr at han truleg enno har 10 år å gå på før han skal vere på sitt aller beste som utforsyklist.

Han trenar mykje og ofte, og må konkurrere ein god del for å utvikle seg på sykkelen!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL