Hopp til innhold

560 turnarar samla i Ålesund

Denne helga feirar Aalesunds Turnforening 130 år. Det blir feira med eit stort kretsturnstemne med 560 turnarar frå heile fylket. – Turn er meir populært enn på lenge, seier Ulrikke Riise som er dagleg leiar for turnforeininga i Ålesund.

Turnstemne i Ålesund

7 år gamle Sara Wulf Brunstad frå Sykkylven er blant 560 barn som deltar på kretsturnstemne i Ålesund. Ho elskar å slå hjul ...

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ivrige barneføtter er like mykje opp i lufta som nede på bakken. Paraden som starta årets kretsturnstemne i Ålesund er akkurat ferdig. På rådhusplassen i Ålesund er 7 år gamle Sara Wulf Brunstad raskt ferdig med maten, for det kriblar i kroppen. Det passar bra, for denne helga handlar det stort sett om tun.

– Eg elskar å slå hjul, seier Sara. Ho har vore med på turn i Sykkylven i eit år, og seier at det er kjekt å lære nye ting samstundes som ho blir sprek.

Ho er blant 560 barn og unge mellom 6 og 21 år som har meldt seg på kretsturnstemnet.

Turn-parade gjennom Ålesunds gater

Ålesund turnforeining feirar 130 år. Helgas feiring starta med parade gjennom byen, i lag med turnforeiningar frå heile Møre og Romsdal.

Foto: jannicke Farstad / NRK

Dei skal konkurrere og ha showoppvisningar med temaet Disney på Fagerlihallen i Ålesund gjennom heile helga.

– Interessa for å vere med på stemnet har vore mykje større enn vi trudde, seier Ulrikke Riise. Dagleg leiar for Ålesund turnforeining trur det seier noko om at interessa er stor for turn mange plassar.

Ulrikke Riise, daglig leder i Ålesund turnforening

Ulrikke Riise ønsker at alle dei 100 som står på venteliste for å bli med på turn i Ålesund skal få det. Det er det ikkje plass til utan ein ny hall, seier ho.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Treng ny hall

I Ålesund er det cirka 400 medlemmar i klubben, den yngste er 3 år og den eldste over 90 år. Ålesund turnforeining er fylkets eldste idrettslag, og Ulrikke Riise er stolt over å vere med i ei foreining som har eksistert i 130 år. Interessa for å vere med på turn i Ålesund er i alle fall større enn på lenge, seier ho.

–Vi har rundt 100 personar som står på venteliste for å få vere med, seier Ulrikke Riise. Derfir jobbar dei no for å prøve å få til ein ny hall, slik at fleire kan vere med.

I spagat

Nikoline Riksheim Grindvik og Malene Grindvik er 8 år og søskenbarn frå Skodje.

Dei er begge medlemmar av Ålesund turnforeining og starta på turn allereie i barnehagen.

– Vi starta fordi vi hadde lyst. No turnar vi mykje og går ut i spagat, men det aller kjekkaste er å halde på med bom, seier Nikoline

–Men er du ikkje redd for å dette ned av bommen da?

– Av og til, men stort sett er det berre kjekt, seier ho.

Aalesund turnforening feirar 130 år med stort turnstemne