Hopp til innhold

Vil ha 4,3 millionar frå staten for tapt sauebeite

Kvart år dei siste fem åra, har sauebonden Steinar Wirum mista ein fjerdedel av saueflokken på grunn av jerv. Mattilsynet rår bonden til å ikkje lenger la sauene beite i sitt faste område. No vil Wirum ha 4,3 millionar kroner i erstatning frå staten for tapt beite.

Tapt sauebeite

Steinar Wirum vil ha 4,3 millionar kroner av staten, som erstatning for tapt sauebeite.

Foto: Inge Nordvik

– Det er staten som har ansvaret for rovdyra. Eg har ikkje bedt om å få så mykje jerv i Grasdalen, at eg nesten ikkje kan drive lenger, seier sauebonde Steinar Wirum.

Det var lokalavisa Driva som først fortalde om saka.

Grasdalen på Ålvundeid i Sunndal kommune er området der Steinar Wirum til no har hatt sauene sine gå på beite. Men jerven er aktiv i området, og kvart år dei siste fem åra har rovdyret teke livet av ein fjerdedel av sauene til Wirum.

Håplaus situasjon

Steinar Wirum

Sauebonde Steinar Wirum sendte onsdag brev til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, der han fortalde ministeren om kravet til staten.

Foto: Inge Nordvik

No rår Mattilsynet bonden til å avslutte beitet i Grasdalen. Dette fordi så mange dyr blir tekne, og at tilsynet då vurderer beiteområde som risikofylt. Dersom Wirum må ta sauene ut av området treng saueflokken 360 nye dekar med dyrka mark. Eingongskravet som han no fremjer ovanfor staten på 4,3 millionar, er meint for å dekkje utgiftene til den nye beitejorda.

– No som eg ikkje lenger bør la dyra mine gå på beite i Grasdalen, så misser eg heile driftgrunnlaget mitt, og inntektene. Med kostnadane det vil kreve å dyrke nytt beiteområde til dyra blir det håplaust å vere sauebonde, seier Steinar Wirum.

– Storsamfunnet må betale for rovdyra

Sauebonden frå Sunndal går hardt ut mot Miljøverndepartementet og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. Onsdag sendte han og kona Trude Wirum eit brev til Solhjell, der dei fortalde ministeren om kravet.

– Bård Vegar Solhjell meiner at storsamfunnet helst vil ha rovdyra, så då må også storsamfunnet vere villige til å betale kostnadane fro dei, seier Steinar Wirum.

Wirum har ikkje så store forventingar til kva reaksjonen blir frå Miljøverndepartementet si side.

- Eg reknar med det blir uthaling som vanleg, og at saka berre går over til å bli forelda, seier Steinar Wirum avslutningsvis.

Jervdrept sau

Her er ein av sauene til Steinar Wirum som har blitt teken av jerv.

Foto: Steinar Wirum