Hopp til innhold

Sakna jenter funnet av nabo

Dei to jentene som var sakna på Molvær i Sula måndag kveld blei funnet av ein nabo. Leiteaksjonen var akkurat sett i gong då dei to blei funnet. Jentene i 6–7 års skal vere i god tilstand, det opplyser Borge Amdam, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Like før klokka ni måndag kveld sette politiet i gang ein leiteaksjon etter dei to jentene, då dei ikkje kom inn igjen til kvelden. Jentene skal ha gått ut for å leike i nærområdet i 18.30-19-tida, og vart meldt sakna ein time seinare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL