Hopp til innhold

Røykutvikling og luftvåpen

Ein automatisk brannalarm gjorde at Ålesund Brannvesen rykte ut til sentrum av Ålesund rundt midnatt. Det var røykutvikling i ein kjellar som gjorde at alarmen blei utløyst.

Brannbil

Brannvesenet i Ålesund måtte rykke ut til røykutvikling i ein kjellar natt til søndag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ifølge brannvesenet var det ingen dramatikk, og dei fekk raskt kontroll. Vaktmeisteren i huset og ein vektar blei igjen i kjellaren for å overvake situasjonen ei tid.

Brannvesenet var og i aksjon ved Sørlia på Frei i Kristiansund. Der blei ein bilbrann sløkt raskt, men saka blir etterforska for å finne brannårsaka.

Væpna aksjon

I Molde fekk politiet vitneopplysningar om ein mann med våpen i sentrum. Også politiet væpna seg, og pågreit ein person etter kort tid. Mannen hadde då eit luftvåpen.

Ampert var det i Larsgården i Ålesund ei stund også, då politiet måtte mekle mellom to partar som hadde krangla i ein taxi. Meklinga var så vellykka at partane etter kvart sa seg vel fornøgde.

Tradisjonen tru er det også nokon som må betale dyrt for ikkje å klare å halde seg. Denne gong var det ein rusa mann i Volda sentrum som er meldt for å ha slått lens.

Trafikken

Fleire stader var det glatt i natt, og i Liabygda i Stranda køyrte ein personbil inn i ein parkert brøytebil. Det blei ikkje meldt om personskade.

På Hustad i Fræna var det ikkje glatta som var problemet. Der blei ein bilførar stoppa av politiet i samband med ein trafikkonotroll. Ifølge politiet var føraren ikkje edru, og det blei oppretta sak på forholdet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL