Rotevatn vernar skog

Regjeringa har i dag verna skog i Liabygda i Stranda. I alt blir 30 skogområde i sju fylke verna. Områda har svært høge verneverdiar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Han meiner vern av skog er særs viktig for å ta vare på norsk naturmangfald. I Liabygda er det skog ved Olagrova og Rørene som blir verna.

Sveinung Rotevatn
Foto: Håkon Mosvold Larsen