Hopp til innhold

Rotenon framfor aluminium

Rotenon bør framleis vere det viktigaste middelet for å ta knekken på lakseparasitten Gyrodactylus Salaris, meiner direktoratet for Naturforvaltning.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris
Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm

Parasitten er ein trussel mot villaksen og er påvist i 46 vassdrag i Noreg sidan tidleg på 70-talet.

Behandling med aluminium må bli vidareutvikla før det kan bli nytta i større aksjonar, meiner direktoratet.

- Vi bør satse på Rotenon framover, fordi det førebels gjev dei beste moglegheitene for å lukkast, seier Raoul Bierack. Han er seksjonssjef i Direktoratet for Naturforvaltning, og arbeider med mellom anna denne problemstillinga.

Aluminium eller Rotenon?

Direktoratet har i oppdrag frå Miljøverndepartementet sett på kva metodar som best tek knekken på lakseparasitten Gyrodactylus Salaris. I tillegg til rømt oppdrettslaks er parasitten den største trugselen mot villaksen.

Fleire middel har vore utprøvd i kampen mot parasitten, mellom anna behandling med aluminium. Aluminiumsbehandlinga er meir skånsom mot fisken enn Rotenon, men har står framleis mykje forsking att, seier Bierack.

- I mellomtida må vi satse på Rotenon som vi har hatt gode resultater på, og som det også har kome både nasjonal og internasjonal kunnskap om korleis vi kan utnytte endå betre, meiner han.

Tidkrevande og dyrt

Parasitten vart innført til Noreg i 1972 gjennom fisk frå Sverige sett ut i Sunndalsøra.

Sidan då har 46 elve vassdrag smitta. 18 av desse er i Møre og Romsdal. Mange behandlingar med rotenon har vore vellukka, men i dei største elvane er det vanskeleg å bli kvitt parasitten.

Rotenonbehandlinga drep alt liv i elva, fisken må difor flyttast ut og inn før og etter behandling. Det er ein tidkrevande og dyr prosess.

Kan utslette villaksen

Men i rapporten krev direktoratet at styresmaktene finn fram dei pengane som krevst, elles vil villaksen vere utrydda om kort tid, seier Bierack.

- Det er jo fastslått i nær sagt alle slags offentlege dokument at det er ein av to menneskeskapte trugslar som faktisk har potensiale for å utslette villaksen frå Noreg viss vi lar den spre seg frå vassdrag til vassdrag, fortel han.

- Det er ein særs alvorleg sak som rett og slett kan gjere kål på heile laksebestanden på få år, legg han til.