Hopp til innhold

Romsdalingar må betale sju millionar

Ein far og ein son i Romsdal må ut med sju millionar kroner for brot på aksjelova. Dei to lurte til seg premiepengar frå ei rekkje småbedriftskundar som dei lovde forsikring.

Lovbok / Norges lover

To romsdalsmenn er dømde til å betale sju millionar kroner til eit dansk forsikringsselskap.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Då dei to mennene fekk pengevanskar i sitt eige selskap, blei freistinga for stor. I staden for å overføre innbetalte forsikringspengar til det selskapet der dei høyrde heime, tok dei pengane sjølve, mellom anna for å dekke husleige og løn.

Mennene blei også dømde i Oslo tingrett i 2010, og i følgje dommen der er det ingen tvil om at selskapet "tok imot premien og brukte den til egen drift, i stadenfor å betale den til forsikringsmegler".

Ikkje gyldige forsikringar

I dommen kjem det fram at selskapet produserte forsikringsbevis til dei som betalte. Men i staden for å sende alle pengane vidare, beheldt dei ein del.

Dermed sto mange kundar i praksis utan gyldig forsikring, utan at dei var klar over det. Forsikringsbeviset dei fekk tilsendt var ikkje meir verdt enn papiret det var skrive på.

Det var småbedrifter rundt om i landet som blei utsette for forsikringssvindelen, etter at selskapet til dei to romsdalsmennene starta Småbedriftsforbundet, og deretter begynte å selje dei forsikringar.

Faren sat som styreleiar i selskapet, sonen var dagleg leiar i store deler av tida.

Mistanke om noko gale

Ifølgje dommen begynte alarmklokkene å gå allereie hausten 2009, og dei første mistankane om at moldeselskapet skreiv ut forsikringsbevis og innkasserte premiar utan å rapportere alt vidare. Etter eit møte blei selskapet til dei to romsdalsmennene melde til politiet, men denne saka blei seinare lagt vekk.

Kravde 23 millionar

Det danske forsikringsselskapet Alpha Insurance kravde opphavleg nesten 23 millionar kroner frå dei to moldemennene. På det meste hadde firmaet over 30 tilsette over heile landet og ei omsetning på fleire millionar kroner. Det danske forsikringsfirmaet hevda i retten at dei innbetalte forsikringspremiane gjekk til å betale selskapet sine løpande utgifter.

- Sterkt klanderverdig

I dommen heiter det at begge dei saksøkte har gått fram på ein sterkt klanderverdig måte.

Det heiter vidare at det er spesielt kritikkverdig at moldemennene ikkje heldt dei innbetalte forsikringspremiane skilde frå resten av drifta. Ved å bruke av innbetalte premiepengar til løn og husleige må dei ha vore klar over at det var ein klar og svært nærliggande risiko for at selskapet ville få vanskar med å betale tilbake.

Veit ikkje kor mykje som forsvann

I dommen kjem det også fram at det er svært vanskeleg å finne ut kor mange forsikringarspremiar som har vore betalte inn til moldeselskapet. Tapet for det danske forsikringsselskapet blir difor rekna ut ved skjønn, og retten er komen til at sju millionar kroner er eit sansynleg tap.