Hopp til innhold

Draumen vart realitet

10 menn har endeleg fått oppleve det dei har drøymt om i 40 år.

Bjørn Hjelle, Andor Kleven, Per Trygve Refsnes og Karsten Almås.
Foto: Gjert Myklebust

Arve Fiskerstrand er ein av 10 veteran-roarar som har drøymt om Helgelandskysten i 40 år. No er dei på veg heim etter å ha fulgt draumen sin.

- Hendene ser fine ut. Der er nokre blemmer, men ikkje alvorlege greier, seier Fiskerstrand.

Frå Bodø til Rørvik
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei to kapproingsbåtane har gått 35 mil på seks dagar. Frå Bodø til Rørvik. Det set sine spor, sjølv i garva hender. Gjennomsnittsalderen på roarane er 68 år.

- Det har vore ei fantastisk oppleving. Helgelandskysten er fantastisk. Ei stor naturoppleving, seier roaren frå Ålesunds roklubb.

Sju av roarane er frå Ålesund, to frå Kristiansand og ein frå Oslo.

Seks dagar

Turen på 35 mil vart unnagjort på 6 dagar, med start 27. juni. Om nettene sov dei på campingplassar langs Helgelandskysten.

Rotur ved Syv Søstre ved Sandnessjøen
Foto: Gjert Myklebust

- Med allminneleg godt føre ror du ti kilometer på ein time. Det har gått veldig bra. Heldigvis har vi ikkje hatt verken skadar eller uhell. Men det vart av og til seine kveldar på grunn av motvind, fortel Fiskerstrand.

Klare for EM

Karane har vore vore ute og rodd saman før. Treninga foregår i farvatna rundt Ålesund. Av langturar kan dei krysse av både Ålesund-Bergen og Halden-Stockholm. Dei gir seg ikkje med det.

- Vi har ingen planer om ny tur no, men ein del av gutta skal nedover og vere med på Europameisterskap for veteran-roarar i München om tre veker, fortel Arve Fiskerstrand frå Ålesund roklubb.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL