NRK Meny

Remøy fekk nei

Obligasjonseigarane ynskjer ikkje å utsette lånet slik at Åge Remøy kan ta over heile Forland Shipping, skriv nett.no (krev abonnement). Planane om overtaking var avhengig av at obligasjonseigarane som i 2013 lånte ut 359 millionar kroner til bygging av "Fugro Saltire" skulle gå med på å utsette forfall på lånet, frå hausten 2018 til sommaren 2021. 54,4 prosent stemte ja til forslaget, men Remøy måtte ha 2/3 med på refinansieringsplanane sine. Grunna dette vert planane om å overta Bergen-reiarlaget delvis amputert. Remøy og In Nord Vest går no inn med 60 millionar kroner i ny eigenkapital i dotterselskapet av Forland Shipping som eig "Forland Inspector". In Nord Vest vert med det 50 prosent eigar av Forland Shipping.

Aage Remøy
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix