Hopp til innhold

Remen går av

Prosjektleiaren for det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal går av i januar.

Prosjektdirektør Bjørn Remen for den nye Fellessykehuset

Bjørn Remen går av i januar 2017.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

No varslar Sykehusbygg at dei skal til sette ein ny prosjektdirektør til prosjektet Nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Den nye prosjektdirektøren skal ta over leiinga når forprosjektet startar ved årsskiftet.

Bjørn Remen frå Sykehusbygg er prosjektdirektør i konseptfasen, men han skal tre tilbake i januar. Då blir han viseadministrerande direktør i Sykehusbygg.

Nytt sjukehus

Bjørn Remen har vore prosjektdirektør i konseptfasen for det nye sjukehuset, men no skal nokon andre ta over.

- Vi er takksame for den gode og konstruktive innsatsen Bjørn Remen og Sykehusbygg har lagt ned så langt i planlegginga av SNR-prosjektet. Vi ønskjer ny prosjektdirektør velkommen med på laget for å realisere eit særs viktig prosjekt for oss og for befolkninga i Nordmøre og Romsdal, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL