Hopp til innhold

Remen Evensen vraka

Ein tung sesongstart held fram med nok eit nederlag for verdsrekordhaldaren i skiflyging Johan Remen Evensen.

Han er no vraka til verdscuprennet i hopp i Engelberg i helga.

Av fem individuelle konkurransar har han berre ei plassering å vise til, det var 15. plass i Kuusamo.

Ifølgje 26-åringen er årsaka utfordringane med å bli vanen til ny hoppteknikk.

Men Remen Evensen seier han trur det vil betre seg.