NRK Meny

Rekordsum til fysisk aktivitet

Kultur- og folkehelseutvalet deler i dag ut over 70 millionar kroner til anlegg for idrett og og fysisk aktivitet. Ifølge tilrådinga skal vel 63 millionar gå til ordinære anlegg og vel sju millionar til nærmiljøanlegg. Fylkesrådmannen har positiv tilråding på 100 av søknadene. Dersom forslaget til tildeling blir følgt, kjem 25 prosent av dei godkjende søknadene til å få tildelt pengar.

Ellingsøy idrettshall
Foto: Lena Høyberg / NRK