NRK Meny

Rekord for turistferjene

Stor trafikkvekst og mange attståande bilar har gjort at ferjene på Geirangerfjorden har gått ekstraturar i sommar for å ta unna køane, skriv Sunnmørsposten. Rolf Sandvik, dagleg leiar i selskapet The Fjords AS, fortel at dei har hatt ein trafikkvekst på om lag 20 prosent. Det er talet på personbilar som har auka mest.