Hopp til innhold

Reiselivsutdanning i verdsarvområdet

Kommunane Stranda, Norddal og Hemsedal har planar om å etablere eit tverrfagleg reiselivsstudium.

Skulen skal bruke verdsarvområdet på Sunnmøre og fjellområda ved Hemsedal.

Arne Sandnes, ordførar i Norddal
Foto: Terje Reite. / NRK

Planen er å legge opp til eit tverrfagleg studium innan reiseliv som rettar seg mot å burke naturen. Vert tilbodet ein realitet vil studentane kunne få gradane bachelor og master innan reiseliv.

Kristin Krohn Devold, generalsekretær i Den norske turistforening.
Foto: Terje Reite. / NRK

Generalsekretær Kristin Krohn Devold i Den Norske turistforening er med i styringsgruppa og ho har tru eit utandørs utdanningstilbod.

- Vi treng ei høgskuleutdanning som brukar naturen. Det er mange som har ønske om å bruke naturen i næringsverksemd og då treng vi utdanning, seier Devold.

Studentane skal veksle mellom uteliv i Sunnmørsfjella og i Hemsedal, og studiet fører fram til både bachelor- og mastergrad i reiseliv.

Kunnskap

I formiddag vart planane presentert av ordførar i Norddal, Arne Sandnes. Han seier heile reiselivet treng folk med meir kunnskap om naturen som vert vist fram til studentane.

Initiativtakarane har planar om at skulen skal bruke fjellområda i Hemsedal i Buskerud - og verdsarvområdet i Sunnmørsalpane som klasserom.

Langt fram

Viss planane vert realiserte vil studiet først vere oppe å gå i 2010. No skal det først skrivast ein søknad til Kunnskapsdepartementet og der etter skal det arbeidast for statleg finansiering av drifta.