Hopp til innhold

Redningsaksjon i Sunndal: Turgåar skadd under fjelltur

Ein turgåar skadde seg under eit fall ved Vikfjellet i Sunndal i natt. Lågt og tett skydekke gjorde redningaksjonen vanskeleg.

Redningsaksjon turgåar Sunndal

Redningsmannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norges alpine redningsgruppe deltek i aksjonen.

Foto: Kristoffer Johan Christensen / Norsk Folkehjelp Nesset

Siste: Redningshelikopteret har no klart å heise turgåaren ut av området. Turgåaren blir flogen direkte til St. Olavs hospital i Trondheim.

Redningsmannskapa har hatt kontakt med turgåaren på telefon gjennom natta. Om lag klokka 05.30 kom lege og redningsmann fram til den skadde.

Turgåaren låg i bratt og ulent terreng. Han har forklart hjelpemannskapa at han har smerter etter fallet.

– Turgåaren drog på fjelltur i går. Han fulgte ei kjend rute. Men i det dårlege veret hamna han ut av kurs og kom inn i eit svært vanskeleg terreng, eit alpint terreng, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Redningsaksjonen blei sett i verk i tre-tida i natt. Redningshelikopter blei rekvirert og mannskap frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp har delteke i aksjonen i heile natt. Også den alpine redningsgruppa på Oppdal deltok i aksjonen.

– Redningshelikopteret har fått frakta lege og bergingsmann opp til den skadde og dei tek hand om han no, sa Ferstad til NRK før den skadde blei henta ut.

Skydekket letta litt i morgontimane og dette gjorde det mogleg for redningshelikopteret å flyge personell opp og etter kvart så blei den skadde henta ut av fjellet. Ulukka skjedde i om lag 750 meters høgde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL