Hopp til innhold

Reagerer på opprykksfinale andre søndag i advent: – Fryktar det blir ein parodi

Først 9. desember blir det avgjort kven som tek den 16. og siste plassen i Eliteserien neste sesong. Fotball-Norge skjelv i buksene.

Eliteserien i fotball 2018: Bodø/Glimt - Lillestrøm (3-1)

VANSKELEGE FORHOLD: Då Bodø/Glimt tok imot Lillestrøm i første serierunde 11. mars måtte kampen stoppast i 40 minutt grunna eit stort snøfall. Det er ingen garanti for at forholda blir betre når den norske fotballsesongen i år skal avsluttast rekordseint.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

– Ikkje ideelt, meiner Geir S. Vik, dagleg leiar i Aalesunds FK, eitt av laga frå 1.-divisjon som skal spele kvalik.

– Eg fryktar at det blir ein parodi. Men la oss krysse fingrane for det beste, seier Start-trenar Kjetil Rekdal.

Start er eitt av fem lag i Eliteserien som kan hamne på den utsette 14.-plassen i Eliteserien – og dermed møte vinnaren av den interne 1.-divisjonskvalifiseringa mellom lag tre, fire, fem og seks.

– NFF på ville vegar

Helge Skuseth

REAGERER: Helge Skuseth er tidlegare landslagsspelar og seriemeister med Start. No er han sportssjef i Sunnmørsposten. Han kallar det rein gambling at den siste kvalikkampen går andre søndag i advent.

Foto: Håvard Raustøl / NRK

Dei avgjerande kampane går 5. (eventuelt 6.) og 9. desember, altså andre søndag i advent. Det har aldri blitt spelt offisielle kampar i norsk toppfotball så nær jul tidlegare.

– Fotballforbundet er på ville vegar. Dei driv i beste fall med gambling, seier Helge Skuseth, sportssjef i Sunnmørsposten og tidlegare landslagsspelar.

Han trur NFF kryssar det dei har av fingrar for at lag frå milde strøk av landet skal spele desse kampane i desember.

– Sesongen burde sjølvsagt ha blitt avslutta lenge før 9. desember, men vi får ikkje gjort noko med det, seier Aalesund-kaptein Fredrik Carlsen.

Eliteserien fotball: Brann - Start.

KRYSSAR FINGRANE: Kjetil Rekdal vil ikkje bruke energi på serieoppsettet akkurat no, men fryktar parodiske forhold under kvaliken i desember.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Vil ha evaluering

Det same meiner hans tidlegare trenar Kjetil Rekdal. Romsdalingen vil ikkje bruke tid på å diskutere serieoppsettet no i sesonginnspurten, men meiner det bør evaluerast grundig seinare.

– Vi må ta omsyn til kva som er best for produktet. Eg veit det er komplisert og mange omsyn som må takast. Men vi har jo nokre erfaringar vi kan ta med oss, seier Rekdal, og minner om snøfallet som sette sitt sterke preg på første serierunde i mars.

Geir Steinar Vik

Dagleg leiar i Aalesunds FK, Geir S. Vik.

Foto: Terje Reite / NRK

Bodø/Glimt er eitt av laga som kan hamne i kvalifiseringa, og det kan bety svært kalde forhold når den norske fotballsesongen skal avgjerast.

Men Geir S. Vik i Aalesunds FK trur det kan vere vel så ille å møte andre lag.

– Om vi hamnar i kvaliken kan jo vi til dømes møte Stabæk borte. Det er ikkje sikkert det er betre å spele på ei dårleg grasbane i desember enn å spele i Nord-Norge, meiner Vik.

Trur det går bra

fisketjønn

Direktør for konkurranse i fotballforbundet, Nils Fisketjønn.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Også konkurransedirektør i NFF, Nils Fisketjønn, håper på ein mild desember. Men han seier det er laga sjølve som har ønska ein lengre sesong.

– Vi skal mellom ta omsyn til laga som spelar i Europa. Og i år er det kampar både i Meisterligaen og Europaligaen etter denne kvaliken, seier Fisketjønn.

Og legg til at både Rosenborg og Tromsø har spelt heimekampar i Europa i desember tidlegare.

– Om det ikkje kjem for mykje snø skal vi klare å tilpasse oss, trur Fisketjønn.

Tromsø - Chelsea

SNØBALLKRIG: Det var kaotiske forhold då Tromsø slo Chelsea i den gamle UEFA-cupen i 1997. Men den kampen gjekk allereie 23. oktober, om lag ein og ein halv månad før årets kvalik.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL