Hopp til innhold

Raudt vil gi stemmerett til over 300.000 utanlandske statsborgarar

Kvar tiande person som bur i Noreg er utanlandsk statsborgar, og har ikkje stemmerett. Raudt vil endre krava til kven som får stemme ved stortingsval.

Rimas Dubikas.

VIL BU I NOREG: Det er 14 år sidan Rimas Dubikas kom til Noreg for å arbeide fyrste gong. Etter å ha jobba fire år som leigearbeidar, fekk han fast jobb og flytta hit permanent i 2011.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Rimas Dubikas jobbar på kveld- og nattetid som industrivaskar på eit av dei største lakseslakteria i verda. Han har budd fast i Noreg i ti år, og for seks år sidan kjøpte han eit småbruk på Sunnmøre. Borna hans er fødde der, og han har ingen planar om å flytte.

– Dette må vere verdas beste plass å bu, eg kan ikkje tenkje meg noko anna, seier han.

Men han er ikkje norsk statsborgar. Dubikas er litauar.

Han har ikkje søkt om norsk statsborgarskap, og har dermed ikkje stemmerett ved stortingsvalet.

Ikkje åleine

Folketalet i Noreg er på litt over 5,4 millionar. Rundt 3,9 millionar har stemmerett. Resten er born og unge under 18 år, eller utanlandske statsborgarar.

SSB Folketal 07.09.21.

FOLKETAL: Dette er folketalet i Noreg per 07.08.2021, ifølgje SSB.

Foto: SKJERMDUMP / SSB

Men mange stader er det nettopp dei som har kome flyttande frå andre land, som held liv i bygdene. Enkelte av dei bur her for ein kort periode, andre heile livet.

I dag tel dei rundt 600.000 personar, litt over 11 prosent av alle som bur i landet.

Dei største gruppene kjem frå Polen og Litauen.

– Demokratisk problem

Forfattar Espen Søbye har skrive om mellom anna stemmerett og befolkningsutvikling. Han meiner det kan bli eit demokratisk problem om ein stor del av dei busette i landet ikkje har stemmerett.

– Om denne gruppa blir for stor, så kan ein ikkje lenger seie at stemmeretten er allmenn, seier Søbye.

Espen Søbye

FORFATTAR: Espen Søbye er statistikar og forfattar av fleire sakprosabøker.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

Frå 2020 blei det lov med dobbelt statsborgarskap i Noreg. Søbye seier det kan vere grunn til bekymring om mange fast busette i Noreg, trass i lovendringa, ikkje søkjer om statsborgarskap.

– Det vitnar om eit utanforskap, og det svekkjer legitimiteten til folkestyret, seier Søbye.

Vil fire på krava

At det er eit demokratisk problem meiner også partileiar i Raudt, Bjørnar Moxnes.

– Vi meiner det er feil at dei som bur her over mange år, og har mange av dei same rettane og pliktene som norske statsborgarar, er utestengt frå stemmeretten, seier Moxnes.

Raudt vil fjerne kravet om statsborgarskap for å røyste ved stortingsval, og gje utanlandske statsborgarar stemmerett, om dei har permanent opphaldsløyve, og har budd i landet i meir enn fem år.

Raudt er det einaste av partia som er representert på Stortinget som går inn for dette.

Bjørnar Moxnes

FEM ÅR: Bjørnar Moxnes og Raudt vil gje stemmerett til utanlandske statsborgarar som har permanent opphaldsløyve, og har budd i landet i fem år. Dei vil òg at ein skal kunne søkje statsborgarskap etter fem år. Den grensa er i dag på sju år.

Foto: Frida Brembo

Tal som SSB har utarbeida på oppdrag frå NRK viser at det er 335.324 utanlandske statsborgarar i landet som i dag oppfyller dei kriteria.

– Forsking viser òg at å gi folk stemmerett er bra for integrering. Folk som er her og bidreg så lenge, bør kunne ta del i val og påverke politikken, seier Moxnes.

Eit argument som ofte vert nytta mot å gje utanlandske statsborgarar stemmerett, er at dei ikkje skal kunne påverke norsk utanrikspolitikk.

I fjor fekk regjeringa eit forslag til ny vallov. Der foreslår fleirtalet av vallovutvalet å halde på kravet om norsk statsborgarskap for å få stemme ved stortingsval.

Følgjer med på kva som skjer i heimlandet

På fabrikken der Rimas Dubikas jobbar er det mykje fysisk arbeid, og ikkje krav om å snakke godt norsk. For mange av dei er det vanskeleg å følgje med på norske nyheiter.

Han synest dei fleste norske politikarar gjer for lite for å få med utanlandske statsborgarar i samfunnsdebatten.

– Det synest eg er rart. Dei mister mange folk som kunne blitt med å stemme. Dei fleste eg kjenner følgjer mest med på kva som skjer i Litauen, sjølv om dei har budd her i mange år, seier Dubikas.