NRK Meny

Ras på fv.191

  • Stengt i fleire dagar

    Vegvesenet sin trafikksentral opplyser no raset som gjekk på fv. 191 tidlegare i dag har gjort så stor skade på vegen at den må byggast opp igjen før den kan opnast. Vegen vil difor ikkje kunne opne før tidlegast tysdag eller onsdag. Vegsperring og skilt er sett opp.

  • Fv. 191 stengt i nokre timar

    Statens vegvesen, Vegtrafikksentralen midt melder at fv. 191 Eikesdalen vil bli stengt i nokre timar på grunn av oppryddingsarbeid. Vegvesenet er på veg til staden med maskinelt utstyr for å byrje oppryddinga. Politiet opplyser at raset skal ha vore om lag 30 meter lang. Det er ikkje meldt om skadde.