Hopp til innhold

Råkøyrde med likbil – mista førarkortet i fem månader

I den store, svarte gravferdsbilen var gravferdsagenten på veg frå Trondheim til Sunnmøre. Ho hadde knapp tid om ho skulle rekke ferja. Dermed trakka ho på gassen.

Korset

Likbilen på veg frå Trondheim køyrde i 120 kilometer i timen i ei 80-sone. (illustrasjonsfoto).

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Seint i førre månad såg føraren at ho kunne vere seint ute til ei ferje. Det var sol og tørre vegar og i ei 80-sone trykte litt ekstra på gassen då ho kom til ei rett strekke.

– Ho var på veg heim. Det byrja å bli kveld. Det var fint ver, sol og tørre vegar. Ho visste det var 80-sone på staden. Ho såg ho hadde knapp tid til å rekke ferja. Difor trakka ho litt ekstra på gassen, heiter det i kvinna si forklaring for retten.

– Ikkje sett slikt før

Der var ingen andre bilar, men så såg ho blålysa i spegelen. Ho køyrde inn på første sidelomme, og politiet viste henne videosnutten av køyringa hennar. Farta ho hadde hatt var 120 kilometer i timen, og førarkortet blei beslaglagt på staden.

– Eg kan ikkje hugse å ha skrive ut førelegg til nokon som har køyrd for fort med ein gravferdsbil før. Men sett frå politiet si side er dette ei ganske vanleg sak med eit ganske alminneleg brot på fartsgrensene, seier politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik til NRK.

Ville ha retten si vurdering

Føraren vedgjekk det ho hadde gjort men forklarte at inndraging av førarkortet i fem månader ville gå ut over firmaet hennar. Retten held likevel fast på at ho må vere utan førarkort i så lang tid, og ho må også betale ni tusen kroner i bot.

– Føraren var aldri usamd i at ho måtte betale førelegget. Men ho ønskte at retten skulle vurdere beslaget av førarkortet og dermed sjå om retten ville vurdere dette noko mildare enn det politiet hadde gjort, seier Kvalvik.

Gravferdsagenten opplyste til retten at ho i mange tilfelle er avhengig av å rykke ut, blant anna på førespurnad frå politiet. Ho såg det ikkje som mogleg å lære opp nokon andre til å utføre jobben hennar på så kort tid.

Politiet opplyser til NRK at gravferdsagenten var åleine i bilen under køyringa.