Hopp til innhold

Fleire av dei ranstiltalte ankar domen – trass i lågare straffer enn påstått

Hovudmennene i ranssaka mot ein trøndersk artist er dømd til lågare fengselsstraffer enn aktor ville ha. Men statsadvokaten fekk medhald av retten i at dei også skal dømast etter mafiaparagrafen.

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betale penger. Det ligger en revolver på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

TRUSSELBREVET: «Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde» står det til slutt. Ved sidan av på biletet ligg ein revolver. Biletet vart sendt på SMS til artisten.

Foto: politiet

Seks tiltalte som på ulike vis var med på å presse ein trøndersk artist til å betale 750.000 blir alle dømd for grovt ran eller for å ha medverka til det.

Dei fleste erkjente delvis straffskuld, men nekta for å vere ein del av ei kriminell gruppe.

Aktor ville ha mellom seks og åtte års fengsel for dei tre påtalemakta meiner er sentrale bakmenn bak ranet som skjedde i Trondheim i mai i fjor.

Ser bort frå koplingar til Foxtrot

Den svenske 25-åringen er dømd til fire og eit halvt års fengsel. Det er halvtanna år lågare straff enn aktor bad om.

I retten las svensken opp ein kort tekst der han erkjente delvis straffskuld for det grove ranet. Utover det ville han ikkje svare på spørsmål under rettssaka i april.

Retten meiner svensken var ein av dei som tok initiativ til ranet.

Under rettssaka presenterte aktor omfattande dokumentasjon frå mobilar som kan knyte svensken til det kriminelle nettverket Foxtrot.

Les også Svenske knytt til Foxtrot pressa artist: – Jobbar du med oss blir det ikkje noko problem

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

Aktor meinte tilknytinga til Foxtrot-miljøet måtte få betydning for kor høg straffa skulle vere.

Retten ser bort frå koplingar til Foxtrot når det gjeld kva straff tiltalte skal få.

– Min klient er fornøgd med at straffa blei 1,5 år kortare enn påstanden til aktor og at retten er einig i at det ikkje er bevis for noko tilknyting mellom min klient og foxtrot-nettverket.

Det seier forsvararen til svensken, Live Sjuve Johansen. Dei vil likevel vurdere om dei skal anke domen.

– Straffa er for streng i forhold til samanliknbar praksis, så vi vil vurdere ei anke over straffeutmålinga, legg Sjuve Johansen til.

Profilbilete som kan knytast til nettverket er ikkje nok bevis. Svensken nemnde heller ikkje Foxtrot i samtalen med den fornærma artisten, blir det vist til i domen.

Det har for retten ikke vært bevisførsel omkring én eller flere av de tiltaltes tilknytning til Foxtrot-nettverket og det har heller ikke vært bevisførsel omkring handlingsmønster eller tidligere straffbare handlinger utført i regi av nettverket.

Trøndelag tingrett 10. mai
En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

25-åringen frå Austlandet bad den fornærma artisten om orsaking for det han vart utsett for.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

25-åring ankar den strengaste straffa

Ein 25 år gamal mann frå Austlandet får den strengaste straffa, fengsel i seks år og seks månader. Her la aktor ned påstand om åtte år.

25-åringen hadde ei aktiv rolle i gjennomføringa av ranet mot artisten, mellom anna ved å snakke med han på telefon.

Han sytte også for at 300.000 kroner av ransutbytet vart kvitvaska. 25-åringen blir også dømd for å ha tatt vare på nesten 30 kilo hasj.

Då ranet skjedde i mai i fjor sona tiltalte ein tidlegare dom gjennom frisoning der han kunne gå ute om dagen. Straffa blir skjerpa også på grunn av dette forholdet.

– Han har alt bestemt seg for å anke domen, det gjeld både skuld og straff.

Det seier forsvarer Ole Magnus Strømmen til NRK fredag ettermiddag.

– Sjølv om retten har dømt klienten min til lågare straff enn aktor ville ha, så er fire og eit halvt års fengsel for ran også for mykje. Det er strengare enn saker det er naturleg å samanlikne med, seier Strømmen.

Visste ikkje om ranet før like før-ankar domen

Forsvarer Sugin Varatharajan fra advokatfirmaet Rogstad. Han står i retten, løfter blikket og kikker til siden. Han smiler forsiktig.

Sugin Varatharajan seier at klienten hans kjem til å anke domen på seks år og to månaders fengsel. Han skaffa ein telefon og ringde ein samtale til artisten.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Ein ven av 25-åringen får nesten like høg straff, seks år og to månader.

Den 26 år gamle mannen frå Austlandet sa seg skuldig i å ha hatt nesten 30 kilo hasj.

Han nekta straffskuld for å ha vore med på ranet.

Han sa i retten at han ikkje visste noko om ranet eller kidnappinga av sonen til artisten før like før.

Tiltalte forklarte at han gjorde ei enkel veneteneste ved å skaffe ein «burnertelefon» og ringe ein samtale til artisten 18. mai.

Pengane som den medtiltalte kameraten gav han, trudde han var frå sal av ei klokke.

Forsvarer Sugin Varatharajan opplyser til NRK at klienten hans derfor kjem til å anke domen.

Ingen spontan kriminalitet, meiner retten

Alle dei fire som var tiltalte for å vere ein del av ei kriminell gruppe, nekta straffskuld for dette punktet.

Forsvararane meinte planlegginga og gjennomføringa av ranet ikkje bar særleg preg av at dette var samordna og profesjonelt utført.

I domen blir det vist til at dei fire anstrengte seg mykje for å slette spor.

Samtalar og beskjedar var vanskeleg å tilbakeføre til rette vedkomande.

Kommunikasjonen skjedde på krypterte appar.

Opplegget verka derfor «delvis profesjonelt» står det i domen

Retten er dermed ikkje samd i at vilkåret for å bli dømd etter paragraf 79 c, den såkalla mafiaparagrafen ikkje er oppfylt.

For retten fremstår handlingene koordinerte og planlagte, samarbeidet tett og med tydelig kommunikasjon – og samarbeidet pågikk over en lengre periode.

Trøndelag tingrett 10. mai

Retten meiner dei som blir dømde for mafiaparagrafen skal ha eit straffetillegg på om lag eit halvt års fengsel.

Skjermbilde fra en telefon med meldingsvarsel fra appen Signal fra brukeren Aloe Vera

Skjermbilete frå telefon med meldingsvarsel frå appen Signal med brukaren Aloe Vera. Politiet meiner dette er den tiltalte svensken.

Foto: politiet

Levde i alvorleg frykt i tre veker

Saka starta med at sonen til artisten vart bortført av fire ungdommar natt til 9. mai i fjor. Han vart sett fri etter få timar då artisten fekk eit bilete av sonen med ei pistol mot hovudet.

Under bortføringa og dei neste tre vekene var fleire av dei som no er dømde i kontakt med artisten for å få han til å betale 750 000 kroner.

Dette skulle vere pengar som sonen skulda for narkotika. Politiet har ikkje greidd å finne ut om dette var tilfellet.

Uansett er det klart at artisten ikkje hadde pådrege seg noko slik gjeld, verken på eigne vegne eller på vegner av sonen, påpeikar retten.

Den viser til at artisten og familien hans levde i alvorleg frykt og at dei måtte flytte til hemmeleg adresse.

Artisten lånte pengar frå vener og kjente og betalte i alt 750 000 kroner.

Etterforskinga har vist at det har vore vanskeleg å finne ut kvar alle pengane har hamna.

Les også Rana trøndersk artist – pengane enda opp i Noreg, Sverige og Tyrkia

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

Dryge 107 000 fann politiet igjen på kontoen til den 26 år gamle «kryptoeksperten» som kjøpte kryptovaluta for delar av ransutbytet.

Retten slår fast at den fornærma artisten då har tapt 642 127,- kroner. Denne summen er dei fem som er dømde for ranet kollektivt ansvarlege for å betale tilbake til artisten.

I tillegg får han 150 000 kroner i oppreisningserstatning.

Artisten vonbroten over at det blir ei ankesak

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne (til høyre) sitter på aktors side i en rettssal sammen med medaktor og politiadvokat Bente Bøklepp. Bøklepp står bøyd over egen PC. Schjetne kikker bort på Bøklepp. I bakgrunnen ser vi bistandsadvokat Erik Widerøe. Han står og kikker ut i rettssalen. Dagslys fra utsiden kommer inn gjennom et vindu bak Widerøe.

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne (til høgre) saman med medaktor og politiadvokat Bente Bøklepp. I bakgrunnen bistandsadvokat Erik Widerøe som representerer artisten som vart pressa.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Erik Widerøe er bistandsadvokat for artisten.

Når NRK fortel at minst to av dei tiltalte kjem til å anke domen til lagmannsretten, seier Widerøe:

– Klienten min er sjølvsagt vonbroten over at det blir ein anke. Det står att å sjå om det blir ei full behandling i lagmannsretten på erstatning og oppreisning.

Artisten har no fortalt inngåande i to rettssaker om det han og familien opplevde i mai i fjor.

Først i saka mot ungdomane som bortførte sonen hans og no mot bakmennene.

Artisten og familien hans levde i alvorleg frykt og dei måtte flytte til hemmeleg adresse.

– Han har ikkje lyst til å vere til stades i ei ankesak, seier Widerøe.

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, seier til NRK fredag at han registrerer at straffene delvis er noko lågare enn han føreslo.

– Men retten er samd med oss i at vilkåra for å døme dei fire også som ei kriminell gruppe er oppfylte. Det er vi godt nøgde med, seier aktor.