Hopp til innhold

Pyntar med syklar

Bygdelaget i Eresfjord pyntar bygda med over 100 syklar lakkert i ulike fargar, for at bygda skal bli Noregs sykkelbygd nummer ein.

Eresfjord ønsker å bli sykkelbygd nummer ein i Noreg. Bygdelaget trur dei har funne oppskrifta. Over 100 syklar er i ferd med å bli strippa for dekk og slangar før dei blir lakkerte i spreke farger. Deretter skal dei ut til pynt.

SNAKKIS: Marit Rasten Leirvoll fortel at dei fargerike syklane har vorte ein snakkis i Eresfjord.

I Eresfjord finst det mange ulike typar syklar, som fiskesyklar og klatresyklar. Ingen veit kva som ventar bak neste sving, takka vere bygdelaget som har som mål å dekorere bygda med over 100 fargerike syklar.

– Det her er jo eit tiltak som appellerer til både humør, aktivitet og kreativitet ikkje minst, seier Turid Leirvoll Øverås.

Snakkis

Turid Leirvoll Øverås og Marit Rasten Leirvoll

Det finst både klatresyklar og fiskesyklar i Eresfjord.

Foto: Roar Strøm / NRK

Syklane får dei frå bygdefolket og renovasjonsselskapet RIR. Til no er 40 syklar plassert ut, og det er i lakkeringsverkstaden til Ove Frisvoll at dei blir så fargerike. Marit Rasten Leirvoll fortel at syklane har blitt ein snakkis i bygda.

– Lilla er nytt, det er ingen som har det før, så det blir spennande. Det har blitt ein snakkis i bygda, og folk koser seg med det. Med det dritværet vi har hatt i sommar, så har dei fargerike syklane også vore noko å snakke om i staden for vêret.

Aktivt miljø

Sykkelmiljøet i Eresfjord har lenge vore svært aktivt. Fleire sykkelprofilar kjem frå bygda, med Kurt Asle Arvesen som den mest kjende. No håpar dei sykkelstuntet skal markere at Eresfjord er Noregs sykkelbygd nummer ein.

– Vi ser jo det at turistar og besøkande som kjem hit stopper opp, fotograferer og synest dette er veldig triveleg og artig, seier Øverås.

Luftig sykkel

Luftig sykkel i Eresfjord

Klatremiljøet i Eresfjord var raske til å bidra då dei høyrde om planane.

Foto: Roar Strøm / NRK

Då klatremiljøet i Eresfjord høyrde om sykkelprosjektet var dei raske om å ville bidra med den luftigaste sykkelen.

– Det var litt arbeidskrevjande. Så vi var gode og varme då vi heldt på her oppe trur eg, det tok nokre timar, fortel Bjørn Magne Øverås.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL