Hopp til innhold

Provosert over bedehusseminar om homofilt samliv

Eit lukka seminar for kristne leiarar i Ørsta og Volda om homofilt samliv har skapt sterke reaksjonar. Den homofile føredragshaldaren lever i sølibat. At han er vald som føredragshaldar provoserer Anbjørn Steinholm Frislid.

Anbjørn Steinholm Frislid

Anbjørn Steinholm Frislid er skuffa over at det kristne miljøet ikkje opnar for ein debatt om homofili på seminaret som skal haldast.

Foto: privat

Leiarar og andre interesserte i dei kristne miljøa i Volda og Ørsta skal onsdag ha seminar for å lære meir om samkjønna samliv. For å unngå opphaussing og strid, vart ikkje arrangementet kunngjort i sosiale medium eller i aviser. Føredragshaldaren på seminaret er homofil, men vel å leve i sølibat.

Då Anbjørn Steinholm Frislid (21) frå Ørsta, som sjølv er homofil, fekk sjå invitasjonen om seminaret i heimbygda vart han provosert.

– Dei inviterer til eit arrangement der dei vil lære om eit tema, men i invitasjonen konkluderer dei ganske tydeleg med at homofilt samliv ikkje er akseptert dersom ein er kristen, seier 21-åringen.

Invitasjon til bedehusmøte i Ørsta

Burde invitert til meiningsutveksling

Den homofile prestelæraren Bjørn Helge Sandvei er overbevist om at han ikkje kan leve ut si homofile legning og har vald å leve åleine. Frislid meiner at arrangørane ikkje støttar homofilt samliv når dei vel å bruke nettopp Sandvei som føredragshaldar.

– Eg hadde trudd at vi hadde kome lenger i 2017. Dei som arrangerer kunne i det minste invitert til ei meiningsutveksling eller form for debatt. Men her er det eit arrangement der konklusjonen er ganske klar. Det er tydeleg at det er eit mål bak dette, seier Frislid.

Han meiner det er trist om kristne homofile føler seg pressa til å måtte leve i sølibat og viser til rapportar om sjølvmordsraten blant homofile og lesbiske, som er høgare enn hos folk flest.

Frislid har fått støttande kommentarar frå folk på Facebook som er sjokkerte over arrangementet.

Anbjørn Steinholm Frislid sitt Facebook-innlegg

Vald på grunn av kompetansen

Seminaret på Ørsta bedehus er i privat regi, og éin av dei som står bak er Trond Vartdal. Han seier at dei er ei gruppe som ønskjer å lære meir om kva bibelen seier om homofilt samliv.

– Vi har invitert Sandvei på grunn av totalkompetansen han sit med på området. Han har god teologisk bakgrunn og har undervist på Menighetsfakultet, seier Vartdal, som ikkje vil legge seg opp i om folk vel å leve i homofilt samliv.

Vartdal seier at årsaka til at seminaret ikkje har blitt kunngjort er at dei ikkje ville ha noko oppstyr rundt det.

– Debatten om homofilt samliv blir ofte vinkla feil og dette seminaret var slett ikkje tenkt som nokon debatt. Det er ikkje rom for å snakke om dette temaet utan at det blir misforståingar, så vi ville ikkje at dette skulle bli opphausa på nokon slags måte, seier Vartdal. Han forstår at det skaper reaksjonar, men meiner at temaet uansett vekkjer debatt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL