Hopp til innhold

Prioriterer ikkje reklamelovbrot

Fyrverkeriseljarar har fritt leide til å setje opp store skilt. Kommunane prioriterer ikkje dei klare lovbrota.

Fyrverkerireklame i Ålesund

FRITT FRAM: Trass i at det ikkje er søkt om løyve, reklamerer fyrverkeriseljarar i Ålesund hardt i tida før nyttår.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Roy Petter Normann

- SOM SIRKUS: - Me sidestiller oss med sirkus, seier Roy Petter Normann i Svea fyrverkeri.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det er fritt fram for seljarar som reklamerer for fyrverkeri i Møre og Romsdal. I dei største byane blir det reklamert med meterlange, fargerike banner, trass i at dette strir mot lova.

Bygningssjef Geir Aakvik i Kristiansund kommune vedgår at dei ikkje bryr seg med dette.

Strir mot lova

- Så langt har me ikkje oppfatta dette som eit større problem. Det er eit midlertidig tiltak, slik at me har ikkje valt å gjere noko så langt.

For både Kristiansund, Molde og Ålesund er prega av at det snart er nyttårsaftan.

Fleire stader er det hengt opp meterlange og fargerike banner som reklamerer for rakettar og fyrverkeri. Dette strir både mot plan- og bygningslova og kommunale skiltvedtekter, men ingen reagerer.

Du kan lese utdrag frå Molde og Ålesund sine vedtekter om skilt til høgre i artikkelen.

- Sidestiller oss med sirkus

Roy Petter Normann er distriktsrepresentant for Svea fyrverkeri for heile Nord-Noreg, Vestlandet og Innlandet. Han seier dei aldri har søkt om løyve til å hengje opp reklame.

- Me har sidestilt oss med sirkus som om sommaren reiser rundt, og driv intensiv marknadsføring på stolpar og liknande nokre dagar, seier han.

- Fyrverkerisalet om vinteren er på same måten. Det er nokre få intensive dagar før me er ferdige med det, fortel Normann.

I romjula forsvann store mengder fyrverkeri i Molde:

- Har praktisert slik i årevis

Bygningssjefen i Kristiansund stadfestar at dei aldri har fått ein søknad om løyve til å reklamere for fyrverkeri. Han trur ikkje kommunen kjem til å by seg med det i framtida.

- Det vil i så fall bli på bakgrunn av spørsmål frå politisk hald, at dei ynskjer at dette skal vere prioritert i større grad. Dette har vore praktisert slik i mange år, seier Aakvik.