Hopp til innhold

Thon Hotels snur – tillèt heising av Pride-flagg

Thon Hotels tillèt likevel heising av Pride-flagg. – Det står respekt av det å innsjå at avgjerda ein har tatt ikkje var rett, seier hotelldirektør i Ålesund, Silje Viken Skarlund.

Thon Hotel i Ålesund har onsdag heisa Pride-flagget.

Thon Hotel Ålesund heiste Pride-flagget i dag klokka 11.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Tysdag blei det kjent at konsernleiinga i Thon Hotels hadde gitt tilsette beskjed om å ikkje heise regnbogeflagg i juni. Kjeda forklarte det med at dei ville vere nøytrale.

Fleire reagerte på avgjerda, både tillitsvalde i konsernet, og på sosiale medium.

Morten Thorvaldsen

Morten Thorvaldsen er konserndirektør i Thon Hotels.

Foto: Thon Hotels

Onsdag formiddag opplyser Thon Hotels i ei pressemelding om at dei snur.

– Mange har oppfatta avgjerda vår om ikkje å ha Pride-flagget på hotella våre som om at vi ikkje støttar Pride-markeringa. Det gjer vi absolutt, opplyser Morten Thorvaldsen, som er konserndirektør.

Glad kjeda snur

Silje Viken Skarlund er direktør ved Thon Hotel Ålesund. Ho er for tida på ferie og blei veldig overraska då vedtaket frå Thon-leiinga om å ikkje heise Pride-flagget først kom.

Portrettbilde av Silje Viken Skarlund, hotelldirektør ved Thon Hotel Ålesund

Hotelldirektør ved Thon Hotell i Ålesund, Silje Viken Skarlund, er glad for at leiinga har snudd.

Foto: Privat

Skarlund seier at ho ikkje oppfatta intensjonen bak det første vedtaket som eit ønskje om å ekskludere nokon.

Men eg er veldig glad for at dei såg at vedtaket blei oppfatta på ein annan måte enn eg trur dei tenkte.

Skarlund meiner det står respekt av det å innsjå at avgjerda ein har tatt ikkje var rett og deretter snu.

Det er eg veldig stolt av.

– God nyheit

Monica Molvær er styreleiar i sentrumsforeininga i Ålesund som er ein av arrangørane av Ålesund Pride. Ho seier det er ei god nyheit at hotellkjeda snudde.

Monica Molvær (H) i Ålesund kommunestyre og fylkestinget i Møre og Romsdal.

Monica Molvær er styreleiar i Ålesund Sentrumsforening. Om få dagar startar Ålesund pride der dei er ein av arrangørane.

Foto: Trond Vestre

– Det er viktig fordi vi må ha eit samfunn som viser at det er plass til alle. Eit samfunn der du skal få lov til å vere den du er, og få lov til å elske den du vil, seier ho.

Gir dårlege signal

Organisasjonen Fri er også glad for at Thon Hotels vil heise regnbogeflagget på hotella sine.

Regine Giskegjerde Urtegård er leder for FRI Møre og Romsdal.

Regine Giskegjerde Urtegård er leiar i Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) i Møre og Romsdal.

Foto: Privat

– Å ikkje flagge er ikkje eit nøytralt val for mange. Vi håpar også at forpliktinga som kjem med flagginga blir følgt opp med konkrete planar, eksempelvis kompetanseheving og planverk, for korleis ein arbeider for og med mangfold internt og eksternt. Det seier leiar i FRI Møre og Romsdal, Regine Giskegjerde Urtegård.

Presiserer dei støttar Pride

Konserndirektør Morten Thorvaldsen seier at mangfald, inkludering og toleranse er sentrale verdiar i heile Olav Thon Gruppens forretningsstrategi.

Thon Hotel halden prideflagg

Thon Hotel i Halden har onsdag formiddag også heist Pride-flagget.

– Vi har ein lang tradisjon for å jobbe for like moglegheiter og å markere Pride på hotella våre. Men når engasjerte medarbeidarar og vener oppfattar at vi tek avstand frå verdiane vi står for, har vi undervurdert krafta og signaleffekten av å ikkje heise Pride-flagget.

Thorvaldsen håper mange vil markerer Pride også i år.

– Det skal mange av våre tilsette gjere. Vi vil også vise vår støtte i sosiale medium og på hotella våre, seier Thorvaldsen.

Klar for Pride-feiring

Hotellet i Ålesund skal ha fleire Pride-arrangement i løpet av juni. Skarlund er personleg engasjert etter at dottera hennar stod fram som skeiv for nokre år sidan.

Bilde av Thon HOtels Ålesund der pride-falgget er heist.

Hos Thon Hotel i Ålesund vaier Pride-flagget etter at konsernleiinga snudde i saka.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Ville du heist Pride-flagget på hotellet sjølv om konsernleiinga ikkje hadde snudd?

– Det slepp eg heldigvis å ta stilling til no. Vi berre gler oss til å feire Pride med gjestar og tilsette, avsluttar Skarlund.