Hopp til innhold

Populært flaskevatn

Volda Mineralvatn har dobla salet i sommarmånadane, samanlikna med same tid i fjor. Flaskevatnet Fjellbekk får mykje av æra.

Vatn
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Sidan 1915 har Volda Mineralvatn, tidlegare Brænne Mineralvatn, vore i drift. Med elleve tilsette er dette ein svært liten mineralvatnprodusent. Men no er dei i medvind.

Dagleg leiar Henrik Mogensen gir mykje av æra til flaskevatnet Fjellbekk. Volda Mineralvatn er nemleg den einaste produsenten tilhøyrande i Møre og Romsdal som tilbyr vatn på flaske.

Dobling i salet

- Vi har hatt ei formidabel auke i sommar totalsett, fortel dagleg leiar for Volda Mineralvatn, Henrik Mogensen.

- I juni selde vi 50% meir enn i juni i fjor, og i juli selde vi 40% meir enn på same tid i fjor.

Landsdekkande

- Vi føler at vi har byrja å få kontroll på marknaden. Flaskevatnet Fjellbekk sel vi mykje av gjennom butikkane til Lidl. Så på Fjellbekk er vi landsdekkande. Viss vi held fram med same arbeidet som vi har gjort siste året, så er dette liv laga, seier Mogensen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL