NRK Meny
Normal

Vedgår mangelfull etterforsking av dødsbrann

Både Kripos og Sunnmøre Politidistrikt vedgår no at etterforskinga etter brannen i Herøy i 2008 – der fire ungdommar mista livet – var svært mangelfull.

Fire omkom i husbrannen.

Brannen i 2008 har framleis mange uoppklarte spørsmål.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Forsvarer Odd Hovde

Advokat Odd Hovde seier at dei pårørande har gitt opp håpet på oppklaring

Foto: Aina Rødal / NRK

Etter påtrykk frå dei pårørande, og ein privat etterforskar, blei etterforskinga tatt opp att i fjor.

Politiet har heller ikkje denne gongen funne brannårsaka, men vedgår altså at den første etterforskinga var altfor dårleg.

Blir aldri løyst

Advokaten til dei etterlatne, Odd Hovde, seier mange av dei no er innforstått med at saka kanskje aldri blir løyst, og seier at det framleis er mange spørsmål ein ikkje har fått svar på.

– Mengda av saksdokument som ligg der no viser kor mykje som har vore ugjort tidlegare. Politiet har også uttalt at det er på tide at dei pårørande kravde ny etterforsking.

– Er politiet nærare ei løysing i saka no enn for eitt år sidan?

– Nei, det har kome fram ein del nye detaljar, men eg kan ikkje sjå at det har vore noko gjennombrot i etterforskinga. Ein kan undrast over at ei så alvorleg sak ikkje blei meir prioritert då det skjedde, seier advokaten.

Ønskjer ro

Han fortel også at fleire pårørande ønsker ro. Uvissa, skal ifølgje Hovde, ha vore tung å bere. Dei pårørande trur ikkje at saka kjem til å bli løyst i det heile tatt.

Brannen skjedde i eit bustadhus på Flusund i Herøy kommune på Sunnmøre. Det var fest i huset den desemberkvelden og over 20 personar har gjekk inn og ut i løpet av natta.

Ein mann i 20-åra kom seg ut av huset då det begynte å brenne, men to unge kvinner og to menn omkom i brannen.