Hopp til innhold

Etterforskinga av Herøybrannen inne i ei avsluttande fase

Etter påtrykk frå de etterlatne, har Kripos tidlegare i år etterforska dødsbrannen i Herøy frå 2008. No er politiet inne i den avsluttande fasa av etterforskinga.

Fire omkom i husbrannen.

ETTERFORSKING: Etterforskerane er no inne i den avsluttande fasa av den nye etterforskinga av Herøybrannen frå 2008.

Foto: Svein Smørdal / NRK

– Vi har nokre få oppgåver igjen før vi avsluttar etterforskinga. Desse er i samanheng med nokre avhøyr som står att før vi kan seie oss ferdige med etterforskinga, seier Robert Hjelmeset, etterforskningsleiar ved Ålesund politistasjon.

Kripos starta tidlegare i år arbeidet med å gjennomføre nye avhøyr og gjennomgå saksmappene til brannen der fire ungdommar omkom i 2008.

Dei etterlatne har skulda politiet for mangelfull etterforsking. Saka vart lagt bort, og dei pårørande meinte at dei ikkje fekk svar på kva som skjedde og frykta at brannen var påsett. Dei kravde ei ny etterforsking og fekk i fjor gjenopptatt saka.

Avsluttande fase

Politiet nærmar seg no den avsluttande fasa i etterforskinga. Advokaten til dei pårørande etter Herøybrannen har tidlegare etterlyst svar på kva som skjer vidare i saka. Hjelmeset seier det er beklageleg at prosessen har tatt så lang tid.

Dødsbrann Herøy

BRANN: Brannen i 2008 har framleis mange uoppklarte spørsmål.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Bakgrunnen er at det har vore eit betydeleg arbeid som har blitt lagt ned i saka og vi har hatt etterforskarar både frå Kripos og andre lensmannskontor som har jobba med saka, seier han.

– Dessverre har det tatt lenger tid enn ynskjeleg, men vi har orientert bistandsadvokaten at vi snart er ferdige og at vi vil ha eit møte med han før det, held han fram.

– Har dei nye avhøyra ført til opplysningar som kan endre avgjerda om å henlegge saka?

– Det vil eg ikkje svare på, ettersom etterforskinga ikkje er avslutta. Når den er ferdig vil resultatet bli lagt fram til påtalemakta og så vil dei ta ei avgjerd, seier etterforskingsleiaren.

– Det eg kan seie er at det ikkje har kome fram noko av dramatisk karakter, seier Hjelmeset.

Ynskjer svar

Odd Hovde, advokaten til dei pårørande etter Herøybrannen seier det er leit at dei pårørande har måtta venta så lenge på svar.

Forsvarer Odd Hovde

YNSKJER SVAR: Advokat Odd Hovde seier det er viktig for dei pårørande å få svar.

Foto: Aina Rødal / NRK

Hovde meiner likevel at dei nye undersøkingane har gitt dei pårørande fleire svar. Dei meiner at den nye etterforskinga har gitt ny informasjon.

– Vi gjekk gjennom saksdokumenta saman med dei pårørande før sommaren, og fekk svar på mange av dei spørsmåla som dei tidlegare hadde reist i saka, seier Hovde.

For dei pårørande har det vore viktig å få svar.

– Håpet deira er å få svar på kvifor barna deira omkom, seier han.

No vil dei vente på avgjersla frå påtalemakta før dei tek stilling til kva dei gjer vidare, men ifølgje advokaten håpar dei pårørande at det vil bli oppretta ei sak.

– Det er det dei pårørande har ynskja heile tida. Ting har skjedd slik det ikkje burde skjedd, så vi håpar saka blir sett nøyare på.