Hopp til innhold

– Fyllefesten var godt i gang allereie klokka 07

– Folk kom med velfylte bereposar på veg til byen tidleg om morgonen.

Øl

Politiet ser ei utvikling der feiringa av nasjonaldagen fører til fyll og bråk allereie frå morgonen av.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Mitt inntrykk er at det var langt fleire fulle folk enn tidlegare. Og festinga startar langt tidlegare på dagen enn før.

Politimannen Eivind Klokkersund oppsummerer feiringa av nasjonaldagen overfor NRK. Han har ei lang liste med ordensforstyrringar, slåsting og uro i Møre og Romsdal.

Han seier at politiet uroar seg over utviklinga:

– Dette skal jo vere ein festdag for barn og unge. Men ting har forandra seg. Allereie då eg køyrde på jobb før klokka 07 i Ålesund såg eg at den andre festen var i gang ute i gatene. Folk kom med velfylte bereposar på veg til byen.

Operasjonsleder i politiet i Møre og Romsdal, Eivind Klokkersund

Operasjonsleiar Eivind Klokkersund uroar seg over utviklinga. Barnas dag har blitt ein dag der mange drikk seg fulle frå morgonen av.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Er dette noko som berre blir verre og verre?

– Vi veit ikkje om dette er ein varig tendens. Det kan hende det var litt spesielt denne nasjonaldagen, då det kjem ei langhelg etter 17. mai. Det gode vêret hadde nok også innverknad.

– Det er bra at folk kosar seg i finvêret, men eg vil be folk la omsynet til barna og ungdommen kome først på nasjonaldagen, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund i Møre og Romsdal politidistrikt.