Hopp til innhold

Fyll og slagsmål over heile landet

Politiet i fleire byar melder om bråk og fyll på 17. mai og natt til 18. mai. Dette trass i at politiet gjekk ut og oppmoda om roleg feiring.

Politi i Trondheim natt til 18. mai

Feire politibilar var på plass i Trondheim sentrum natt til 18. mai.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Både 17. mai og natt til 18. mai har vore prega av mykje fyll og bråk fleire stader i landet.

Klokka 23.21 fredag kveld rykka politiet ut til Sørengkaia i Oslo etter melding om ei valdshending. Ein person blei tatt hand om av helsepersonell og politiet har kontroll på ein gjerningsperson.

I Drammen braut det natt til laurdag ut eit slagsmål mellom ein person og ein vektar på Bragernes torg. Vektaren blei slått i ansiktet. Gjerningsmannen blei meldt til politiet og bortvist.

Klokka 01.29 fekk politiet i Oslo melding om at ein person hadde angripe fleire personar i Niels Juels gate på Frogner. Politiet har kontroll på personen og ingen skal vere alvorleg skadd.

Tidleg laurdag morgon blei ein person slått med ein jernstong på Grønland i Oslo. Vedkommande er vaken. Gjerningspersonen skal ha sprunge frå staden, ifølge politiet.

Ba foreldre ta kontakt med borna

Klokka 22.45 meldte politiet om fleire slagsmål i området rundt Torgallmenningen i Bergen. Politiet på staden med fleire patruljar. Også klokka 21.15 melde politiet om slagsmål i Strandgaten i Bergen. Der var fleire involverte.

Dei to slagsmåla var to av mange som har vore i Bergen sentrum på nasjonaldagen.

For foreldre som veit dei har mindreårige i sentrum, kan det vere greitt at dei tar kontakt med dei og får kontroll på kor dei er, og om dei eventuelt er rusa. Og i så måte prøve å få dei heim.

Det seier politioverbetjent Bjarte Rebnord på operasjonssentralen til NRK. Han seier nasjonaldagsfeiringa i Bergen sentrum gjekk bra fram til ettermiddagen.

Dei siste timane har me hatt ein del slagsmål og tillaup til slagsmål i Bergen sentrum.

I fjor var mange ungdommar i alderen 15 til 20 år overstadig rusa på stoff og alkohol og laga bråk midt i Bergen sentrum på ettermiddag og kveld. Resultatet blei i fleire tilfelle slagsmål.

I Bergen hadde både politiet og 17. mai-komiteen i år budd seg på det verste før feiringa av nasjonaldagen. Politiet er i år langt meir synlege i bybildet enn tidlegare.

Men, slagsmål blei det i Bergen likevel.

Politi til stades på Torgallmenningen på 17. mai Bergen .

Politiet til stades på Torgallmenningen i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Samlar seg folk

Politiet seier at det har vore alt frå to til ti personar som har slåst. Det skal vere unge folk, gutar i alderen 16 til 25 år, som barkar saman.

Det samlar seg mykje folk, men kor mange som er involvert i slagsmåla er vanskeleg å seie, seier Rebnord i politiet.

Politiet heller ut alkohol på Torgallmenningen i Bergen.

Politiet heller ut alkohol på Torgallmenningen i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Klokka 18.35 var det slagsmål i Strandgaten. Politiet hadde fleire einingar på veg, og det skulle vere mange involverte.

Rundt klokka 18.00 var det slagsmål på Vågsallmenningen. Det var meldt om kasting av bord og stolar. Ein mann i 20-åra blei sett i drukkenskapsarrest og blei meld for vald. Ein mann i 30-åra fekk eit kutt over det eine auga.

Tidlegare har det også vore slagsmål på Nedre Korskirkeallmenningen i Bergen. Seinare på dagen blei også ein annan person sett i drukkenskapsarresten.

Fest på festplassen i Bergen

Mykje politi på Festplassen i Bergen fredag kveld.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tar dei mest aktive

Det har også vore slagsmål både på Torgallmenningen og i Marken. På den sistnemnde har politiet tatt med seg fem personar.

Når politiet kjem, er det ofte desse som har vore involvert som spreier seg, så blir det nye tillaup til slagsmål på neste gatehjørne, seier Rebnord.

17. Mai på Bryggen i Bergen.

Morgenprosesjon, flaggtog og prosesjon roleg for seg. Utan spesielle hendingar som politiet måtte ta tak i.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Politiet vil vere tydeleg til stades dei siste timane av feiringa.

Me håper, at ved å ta inn dei mest aktive, legg det kanskje ein dempar vidare. Så får me ta det som måtte komme utover kvelden, seier Rebnord.

Det var i år lagt opp til program på Torgallmenningen i Bergen for å unngå fyllekalas.

– Det er sett i verk for at barn og familiar framleis skal trivast her, sa Anders Vottestad i politiet i Bergen rundt klokka 13.00.

 Anders Vottestad i politiet i Bergen

Anders Vottestad i politiet i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Trøbbel fleire stader

I Trondheim har politiet bedt om at foreldre hentar ungdommane sine. Dei melder om mykje drikking.

I Rogaland melder Sør-Vest politidistrikt at det var travelt både om kvelden 17. mai og natt til 18. mai. Rusa personar har skapt bråk og uro, det har vore slåsting og bortvisingar, og enkelte har hamna i arrest for avrusing, skriv politiet på X.

I Tromsø har politiet meldt om slagsmål nær ein utestad i sentrum. Det var to involverte. Politiet fekk kontroll på gjerningspersonen, men leita etter den fornærma.

I Østfold har det vore tillaup til slagsmål i Halden.

I Fredrikstad har politi samarbeida med utelivsbransjen og kommunen for å førebygge. Politiet håpa at foreldra tok eit tydeleg ansvar i framkant, men der har politiet beslaglagt fleire hundre liter alkohol frå mindreårige.

Ein mann i slutten av tenåra blei tidlegare på 17. mai sendt til legevakt i Tønsberg. Dette etter å ha vore i klammeri med fleire yngre gutar. I tillegg blei også ein 17-åring vist vekk frå sentrum. Seinare blei også ein 16-åring slått.

I Møre og Romsdal har ein del fulle og aggressive folk blitt bortvist frå sentrum eller frå utestader. Politiet fekk melding om at ein sint russ hadde hoppa i sjøen i Ålesund sentrum. Personen blei henta opp av vatnet og vist vekk frå utestaden i eitt døgn.

Ein fest i Ålesund kom også ut av kontroll.

Flasker med alkohol på Torgallmenningen 17. mai i Bergen.

Flasker med alkohol på Torgallmenningen 17. mai i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Fleire har svima av

Det har vore varmerekordar fleire stader, og politiet i Oslo har sett inn enda fleire ressursar enn tidlegare.

– 17. mai-feiring i varme bunader og dressar, saman med alkohol og mange menneske har ført til at fleire rett og slett har gått i bakken, sa innsatsleiar Thomas Johannesen ved Oslo universitetssjukehus til NRK.

Over 9000 personar har feira dagen på Bislett stadion, men det skal ha gått roleg for seg.

Folk inntar den store festen på Bislett stadion, 17. mai.

Mange var samla på Bislett stadion for feiring på 17. mai.

Foto: NRK

Johannesen sa dei venta fleire hendingar i Oslo utover dagen.

– Ikkje noko meir enn vanleg, men me opplever i år at me må sjå til fleire mindreårige enn tidlegare.

Den tidlegare ordføraren i Bergen for Høgre, Trude Drevland, har i år gått hardt ut mot fyll på nasjonaldagen.