Hopp til innhold

Offentleg pissing skal stoppast med hard hand

Politiet på Sunnmøre vil ha slutt på slåssing i helgane. No skal kampen mot vald prioriterast. Offentleg pissing og drikking skal stoppast med hard hand.

Fest i gatene i Ålesund

No vil politiet på Sunnmøre stoppe slåssing, pissing og anna vald i helgane.

Foto: NRK

Det er vald. Det er forstyrring av ro og orden. Det er pissing og drikking på fortau og i gatene. Slik er det både i byane og dei mindre tettstadene på Sunnmøre når det er helg. No skal «lovens lange arm» gripe inn og ta «ondet» ved rota.

- Alt det som skjer resulterer i uheldige episodar der folk blir skadde. No skal vi gjere noko med dette, seier operasjonsleiar Audun Vartdal i Sunnmøre politidistrikt.

Vald og fyllekøyring

- Rikeleg å ta tak i

Audun Vartdal vil ikkje heilt vere med på at politiet har vore for slepphendte til no. Han legg imidlertid vekt på at det no er så mange episoder på byen nattestid, at politiet må prioritere dette.

Illustrasjonsfoto: Folk fester

Helge-stemning i Ålesund natt til ein søndag.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Det er rikeleg å ta tak i. Det er mykje folk ute og det er mykje som skjer. Det er heile tida snakk om prioritering, og no er vi i ferd med å sjå på dette, seier Vartdal. No vil vi bøtelegge i større grad. Tidlegare har vi kanskje vore opptekne av å skilje kamphanane og nøgd oss med det, seier Vartdal.

- Rått voldsmiljø i Ålesund

Gutter (17) hevnet seg med balltre - erkjenner delvis skyld

Tek det små for å hindre det store

I fleire byar verda over har strategien med null-toleranse overfor små saker for å hindre dei store. No legg politiet på Sunnmøre opp til ein liknande strategi.

- I alle samanhengar er det gjerne slik at dei fleste større saker startar med noko småtteri. Kan vi greie å legge ein dempar på aktiviteten, kan vi heilt sikkert klare å stoppe meir alvorlege saker, seier Vartdal.

Redd vold på gata - vil lære mer

Smugpissing luktar vondt

Pissing på offentleg stad er blant brotsverka politiet no vil ha slutt på. Dette er slikt som ikkje berre er ulovleg. Det luktar vondt også.

- Du går berre ikkje og pissar i eit smug eller mot ei butikkdør. Dette luktar jo vondt også. Så no skal vi vere på hogget og forfølgje ordensforstyrrelsar. Store brannar byrjar ofte med ein liten brann, seier Vartdal.

Folk blir skadde

Det er tryggleiken til folk det står om, ifølgje Vartdal. Han har helg på helg sett folk bli skadde på grunn av valden ute på gatene.

- Vi vil unngå at nokon hamnar på sjukehus og får øydelagt livet eller deler av livet. På den måten vil vi ligge litt i forkant. Ein del personar blir skadde heilt unødvendig. Vi vil ha ein oppdragande effekt. Å betale nokre tusenlappar for tull er sure pengar for kven som helst, seier Vartdal til NRK Møre og Romsdal.

Mykje småsaker

Her er eit lite utdrag frå politiloggen på Sunnmøre natt til søndag:

Ulstein: 19.30 lørdag kveld. To grupperinger går løs på hverandre inne på et bedriftsområde i Ulstein. Ordensforstyrrelse
Ørsta: 01: Urinering.
Ålesund: 01.15: Utagerende person på utested i Ålesund
Ålesund 01.45: To personer barker sammen på Nørve. Bakgrunn i sjalusi.
Ørsta: klokka 02 urinering igjen.
02.30 i Ålesund: En gjest slår til en annen med et ølglass, utested i ålesund. Hadde også en del narko på seg. Startet med ordensforstyrrelse.
02.30 i Ålesund: Sjikanering av politipatrulje i Ålesund sentrum.
Klokka 03 i Ålesund: klammeri mellom to personer i Ålesund. Ene personen påstår at den andre truet med å drepe, og ta kvelertak.
Klokka 03 i ulstein: tildragelse på bensinstasjon.
03 i ørsta: en person tømmer ut fire sandsekker utenfor et utested.
05: En til legevakt etter slåssing i ålesund.

- Dette er ein vanleg politilogg frå ei vanleg laurdagsnatt, seier Vartdal til NRK Møre og Romsdal.

Korleis opplever du ein laurdagskveld og natt til søndag ute på byen ? Bør noko gjerast ? Kva kan gjerast ? Vil det hjelpe om politiet slår ned på "småsaker" ?Skriv meininga di her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL