Hopp til innhold

Politiet rykte ut til legekontor i Ålesund

Politiet måtte i føremiddag rykke ut etter melding om ein aggressiv mann på Borgund legesenter.

Politibiler

Mannen som truga tilsette på eit legekontor, vart teken hand om av politiet i Ålesund sentrum.

Foto: Frode Berg / NRK

– Mannen oppførte seg så truande at personalet ved legekontoret måtte låse seg inne, fortel operasjonsleiar Tor André Gram Franck til NRK.

Ingen skal ha blitt skadde under episoden.

Ifølgje politiet kan oppførselen til mannen sjåast i samanheng med sjukdomsbildet hans.

– Hendinga på staden gjorde at politiet rykka ut med fleire patruljar, opplyser fungerande innsatsleiar Thomas Holte.

– Då vi kom fram hadde gjerningspersonen forlate staden, seier han vidare.

Klokka 12.24 opplyser Sunnmøre politidistrikt at mannen har blitt teke hand om av politiet i Ålesund sentrum og vert overlatt til helsevesenet.

Politiet måtte fredag føremiddag rykke ut etter melding om ein aggressiv mann på Borgund legesenter i Ålesund.

Fungerande innsatsleiar i Politiet, Thomas Holte, om aksjonen før mannen vart teken hand om.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Borgund i Ålesund» i nytt vindu

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL