Hopp til innhold

Politiet roser dei som varslar om ruskøyring

Folk flest har blitt mykje flinkare enn før til å tipse politiet når dei mistenkjer nokon for å køyre i rus,erfarer politiet i Møre og Romsdal.

Laserkontroll på Steinestøveien

Heile døgnet rundt er politiet langs vegane for å sjekke både fart og rus.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Mange gongar i døgnet tvitrar politiet om bilførarar som er tekne fordi dei har drukke alkohol, rusa seg på narkotika eller andre rusmiddel.

No går politiet ut med ros til publikum for at folk flest varslar, og dermed er med og hindrar alvorlege trafikkulukker.

– Vi vil rose eit årvake publikum som tar kontakt, og melder frå oftare enn før. Terskelen for å tipse oss har blitt lågare, det er heilt tydleg, seier Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef i Ålesund.

Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef, Møre og Romsdal politidistrikt

Oddbjørn Solheim er glad for at folk flest har blitt flinkare til å melde frå om mistelege køyring på vegane.

Foto: Frode Berg / NRK

Sosiale medium er aktør

Solheim har oversikt over situasjonen over heile fylket, og seier folk flest både på Nordmøre, Sunnmøre og Romsdal er flinke til å melde frå.

– Alle kjenner på kroppen at trafikk er farleg, og varslar når dei ser vinglete eller unormal køyring. Sosiale medium har også blitt ein aktør som hjelper oss til å knipe syndarane, seier Solheim.

Han viser til at stadig fleire har kamera montert i bilen og tek bilde med mobiltelefonen. For få dagar sidan fekk han så eit opptak teken med bilkamera, der ein stor trailer tek forbikøyring i ei uoversiktleg kurve.

Promillekjøring på Helgeland

Slik kan det gå når sjåføren er rusa bak rattet.

Foto: Helgeland politidistrikt

– Heilt hinsides! Tidlegare fekk vi berre munnlege skildringar, no deler folk opptak. Det er med på å gi forsterka fokus på dei som er i trafikken Så er det kort veg til å ringe til politiet slik at vi får stoppa slikt, seier Solheim.

Døgnet rundt - over alt

Trafikk er eit av hovudsatsingsområda for politiet her i landet. Og politistasjonssjefen røper at dei har mannskap ute over alt til ei kvar tid. Oppgåva er mellom anna å huke fyllekøyrarar og andre rusa bilførarar.

– Inge kan kjenne seg trygge for kontrollar. Vi er ute 24/7 og sjekkar forholda. Vi vil vere tett på og ta dei som om er farlege der ute, seier Solheim.

Han erfarer elles at det ikkje har blitt meir fyllekøyring siste åra.

– Snarare tvert om, og no er det narkorus og rus på grunn av inntak av ulike legemiddel som toppar statistikken. Dei siste er vanskelegare å avdekke enn alkoholkøyring, fordi ein ikkje kan bruke utåndingstest.

Likevel har politiet lært seg å sjå symptom på ulike former for rus,og Solheim seier dei også har moderne og ny teknologi som avdekker ulike typar rus.

Fire store

Møre og Romsdal Politidistrikt ligg godt an på statistikken når det gjeld å nå måltala for trafikkontrollar.

– Vi blir målte på kor mange køyretøy vi kontrollerer og talet på førelegg, og politidistriktet er godt innanfor der vi skal vere etter dei sentrale måla, seier Oddbjørn Solheim.

Kontroll skolevei Borgen

Politiet samarbeider ofte med andre etatar når dei kontrollerer trafikken. Her saman med Statens vegvesen.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

Politiet gjennomfører årleg fire store kontrollar saman med andre etatar.

– Vi samarbeider med vegvesenet, tollvegsen,Trygg Trafikk og fylkestrafikkutvalet på desse kontrollane. 50 - 60 kontrollørar jobbar då saman på ein og same kontrollplass. Då blir alle sjekka, fortel Oddbjørn Solheim.

Så politiet, ja,dei er der ute ein stad også seint på kveld ein Kristi Himmelfartsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL