Hopp til innhold

Politiet måtte ta hand om ungdommen

Altfor unge, og altfor fulle, tenåringar heldt politiet travle gjennom 16. mai-natta.

Politi-illustrasjon

Illustrasjonsfoto.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det har vore mange mindre oppdrag. Mykje støy, fortel operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Han karakteriserer nattestimane som heilt typiske for den årlege festnatta "natt til 17."

Ned i 14-årsalderen

– Det har ikkje vore nokon store alvorlege episodar, men ei rekkje ordensforstyrringar på grunn av festing i kombinasjon med sinne.

Ifølgje politiloggen til Nordmøre og Romsdal politidistrikt er det ungdom frå 14-årsalderen som har vore involvert i mange av episodane i løpet av natta.

Laster Twitter-innhold

– Fleire har vore veldig unge og drukke såpass mykje alkohol at dei mistar kontrollen over seg sjølve, seier Bergem-Ohr.

Politiet var fleire gonger innom sjukehuset med tenåringar som måtte pumpast. Dei meir heldige vart levert på døra til foreldra sine.

– Det har vore svært mange slike episodar. Det er det vi har merka oss mest i natt, kommenterer operasjonsleiaren.

Laster Twitter-innhold

– Mange foreldre pustar nok letta ut

I Sunnmøre politidistrikt var det heller ingen spesielle episodar som utmerka seg, forutan mykje fyll og fanteri. Ifølgje politiloggen har det kome inn klagar på feststøy, amper stemning, folk som klatra på tak og så vidare i Ålesund, Ørsta, Ulsteinvik, Sykkylven og Hareid.

– Det har gått jamt og trutt heile natta. Heldigvis har det ikkje skjedd alvorlege ulukker. Det er alltid skrekken vår 16. mai-natta, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang.

Operasjonsleiaren trur mange foreldre no pustar ut for at barna har kome heim, for det kan ofte gå gale når ungdommen tyllar i seg meir alkohol enn dei toler, seier han.

– Det er ein raud tråd vi ser. Når folk blir på godt norsk dritings, kan det få dei raraste utslag.

Blant anna måtte ein ungdom i Ålesund til sjukehus etter å ha blitt angripen av ein tenåringsgut på Tueneset i 01.30-tida

– Også her var det snakk om tenåringar i svært alkoholpåverka tilstand, seier operasjonsleiaren som ikkje trur episoden hadde fått same utfallet om det var meir edruelegheit involvert.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL