Hopp til innhold

Lastebil-sjåfør køyrde med krana ute - fleire lyktestolpar er meia ned

Ein kranbil-sjåfør er midlertidig fråtatt førarkortet etter å ha køyrt med krana ute langs ein svært trafikkert veg. Resultatet er fleire knekte lyktestolpar.

Knekt lyktestolpe

Ein av dei svære lyktestolpane ligg knekt i bakken like ved fortauet og fotgjengarfeltet på Åse i Ålesund. Politiet har så langt ikkje opplyst om at nokon kom til skade.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Dei mange meter høge stolpane er knekte og ligg til bakken som gamle tulipanar, etter at ein lastebil-sjåfør køyrde gjennom Ålesund med krana ute torsdag morgon.

Møtande bilistar skal ha forsøkt å signalisere til sjåføren kva som skjedde, og etter kvart skal han ha stoppa. Etter ei intensiv jakt blei sjåføren funnen, og avhøyrt.

– Vi vil ha han i tale og sjå han i kvitauget og finne ut kva som er grunnen til dette, sa operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt torsdag føremiddag.

På strekninga mellom Åse og Moa, omlag to kilometer, skal krana ha knekt ned fleire tunge lyktestolpar og bøygd eit trafikklys.

Arild Reite

Operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt seier dei lurer på kvifor lastebilsjåføren ikkje har stoppa.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sikta for brot på vegtrafikklova

Etter avhøyr er den erfarne sjåføren i 60-åra sikta for brot på vegtrafikklova og midlertidig fråtatt førarkortet. Etter det NRK kjenner til skal mannen ha forklart at det var problem med krana.

– Statens vegvesen skal undersøkje bilen seinare i dag for å sjå om det er tekniske feil på krana eller om det kan vere menneskelege feil som er årsaka, seier Reite.

Fekk fleire meldingar frå bilistar

Det var fleire vakne bilistar som ringde politiet torsdag morgon. Dei såg lastebilen med krana ute, som køyrde frå eit byggefelt i området. Men ingen veit førebels kvifor lastebilsjåføren ikkje oppdaga lyktestoplane som låg strødd etter han.

– Er det mistanke om promille?

– Vi har førebels ikkje grunnlag for å mistenkje det, seier Reite.

– Men korleis er det mogleg å meie ned fleire lyktestolpar utan å merke det?

– Det er eit legitimt spørsmål. Det har også vi stilt, og det skal vi stille til føraren.

Knekt trafikklys i Ålesund

Bøygd trafikklys i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mesta ryddar opp

NRK har vore i kontakt med firmaet som disponerer lastebilen som var involvert. Dei ønskjer førebels ikkje å kommentere saka.

Mesta skal allereie vere i gang med å prøve å rydde opp bitane av dei øydelagde lyktestolpane.

Politiet leitar etter lastebil som køyrde med krana hengande ute.

Politiet i Ålesund er ute med fleire patruljer for å prøve å finne sjåføren som køyrde gjennom tettbygd strøk med krana ute.

Foto: Remi Sagen / NRK

Her er strekninga der lastebilsjåføren køyrde i Ålesund torsdag morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL