Hopp til innhold

Politiet mistenker at falske setlar er i omløp

Politiet i Møre og Romsdal har gjort beslag i falske kontantar etter at ei kvinne prøvde å betale med dei på butikken.

Bilde av en ekte seddel er til venstre mens den falsk er til høgre.

FALSK: På dette bildet er den ekte setelen til venstre medan den falske er til høgre.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

SISTE 14. DESEMBER: Politiet sende ut pressemelding om at sedlane ikkje var falske likevel. Det viste analysar gjort av Kripos.

Les også Falske setlar var ikkje falske likevel

Bilde av en ekte seddel er til venstre mens den falsk er til høgre.

Onsdag førre veke gjorde politiet beslag i Ålesund av ni 200-lappar og to 500-lappar som var falske.

No melder politiet i Møre og Romsdal at dei har grunn til å tru at fleire kan vere i sirkulasjon.

– Setlane som vi har tatt i beslag ser nok så ekte ut og har eit profesjonalisert preg. Basert på det beslaget vi har gjort så er det grunn til å tru at det kan vere fleire setlar i omløp, seier politiadvokat Hanne Egeness til NRK. Ho er påtaleansvarleg i saka.

Politiet opplyser at setlane både har vassmerke og ulike serienummer.

Falsk 500-lapp som politiet i Møre og Romsdal har beslaglagd.

Politiet opplyser at dei falske setlane ser ekte ut med første augekast.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Etterforskar sak

Saka starta førre veke då ein butikk i Ålesund hadde ein kvinneleg kunde.

– Ho prøvde å betale, men dei hadde ein CashGuard og den aksepterte ikkje setelen. Dei tilkalla så politiet fordi dei fatta mistanke om at den ikkje var ekte, seier Egeness.

Då ei patrulje kom til staden såg dei ganske raskt at den ikkje var ekte, fortel ho vidare.

– Kvinna er sikta for å ha utgitt desse forfalska setlane som ekte, seier Egeness.

Saka er under etterforsking av politiet. Egeness vil på dette tidspunktet ikkje kommentere om dei trur at fleire personar er involvert eller kor stort omfang det er snakk om.

Ber folk vere merksame

Politiet oppmodar særleg bedrifter som tek imot betaling om å vere merksame ved mottak av kontantar.

Politiadvokat Hanne Egeness

Politiadvokat Hanne Egeness.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Spesielt sidan ein no er inne i ein høgsesong for kjøp og sal av varer, seier Egeness.

– Eg trur ikkje at privatpersonar skal vere redde for at dei no kan fått falske pengar, men setlane kjenner ingen grenser i form av kommunar og fylke. Så å ha eit ekstra auge på setlane i morgon når det er Black Friday og mange som skal handle, kan vere lurt.

Politiet ber også butikkar som ikkje har matingssystem for kontantar om å vere spesielt merksame.

Det mest merkbare teiknet på dei falske setlane er gjennomslaget. Det er til dømes mogleg å sjå element frå andre sida av setelen enklare enn med normale setlar. Teksturen på setlane er også noko ulik normale setlar. Vi ber derfor alle om å inspisere setlar før ein tek dei imot, seier Egeness.

Ho anbefaler folk om å halde pengane opp mot lyset og sjå om ein ser baksida og vassmerket. Det kan også vere nyttig å samanlikne pengane med ein du veit er ekte.

Falske setlar i omløp

Dette er ein av dei falske 200-lappane som politiet beslagla førre veke.

Foto: Casper Blindheim Kanestrøm / Politiet

Les også Kraftig økning av falske sedler – slik avslører du svindelen

Forfalsket seddel Tromsø