Hopp til innhold

Mann retta våpen mot politiet

Politiet fyrte av to skot mot ein mann under ein politiaksjon i Brattvåg i Ålesund kommune onsdag. Mannen skal i forkant av dette ha retta eit våpen mot politiet.

Væpna aksjon i Brattvåg

AVSPERRA: Politiet sperra av området der det torsdag vart fyrt av skot frå politiet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det stadfestar advokat Ellen Eikeseth Mjøs, leiar for Spesialeininga for politisaker sin etterforskingsavdeling i Vest-Noreg, til NRK torsdag.

Det er så langt uklart om mannen blei treft av begge skota. Han skal ha blitt treft i den nedre delen av kroppen. Mannen fekk behandling av helsepersonell på staden og blei frakta til sjukehus etter hendinga. Han skal ifølge Mjøs vere utanfor livsfare.

Spesialeininga starta torsdag etterforskinga av kva som skjedde.

– Det skal ha oppstått ein situasjon der mannen blei oppfatta som truande og han skal også ha retta våpen mot politiet, seier Mjøs.

Stor politiaksjon

Det var klokka 13.30 torsdag at politiet fyrte av eit skot i Brattvåg. Aksjonen fann stad då politiet skulle hjelpe helsepersonell, opplyste politiet på Twitter.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte hendinga.

Eit vitne fortalde til avisa at dei har høyrt to skot i Brattvåg sentrum.

– Eg kan stadfeste at det har vore ein politiaksjon der det har blitt fyrt av eit skot. Spesialeininga er varsla og vil informere vidare. Noko meir kan ikkje politiet seie no, fortalde operasjonsleiar Arild Reite til NRK onsdag ettermiddag.

Kriminalteknikere i arbeid

SPARSAME: Politiet er veldig sparsame på informasjonen dei gir ut etter at det blei fyrt av skot i Brattvåg torsdag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Treft av politiskot

Spesialeininga for politisaker skal no etterforske kvifor politiet var der, kva som skjedde før skot blei losna og kva som skjedde rett etterpå.

Ellen Eikeseth Mjøs

Ellen Eikeseth Mjøs i Spesialeininga for politisaker stadfestar at ein mann har blitt treft av politiet.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Spesialeininga vil avhøyre alle tenestepersonar som har vore involvert i hendinga. I tillegg vil vi avhøyre vitne som var på staden. Det vil bli gjort kriminaltekniske undersøkingar og vi innhentar lydlogg, seier Mjøs.

BRATTVÅG: Skota vart fyrt av i Brattvåg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL