Plast godkjent for gjenvinning

Plasten som er samla inn av ÅRIM siste tida blei i dag analysert av Grønt Punkt Norge, og konklusjonen er at det er betydeleg mindre papp- og papir i plasten enn sist dei sjekka, men det var meir tekstil som forureina plasten denne gangen. – Forureiningsgraden er på 11,4 prosent, som er på det jamne, men plasten er godkjent for gjenvinning, seier kvalitetssjef i Grønt Punkt Noreg, Petter Aaby Vebenstad.

Petter Aaby Vebenstad, kvalitetssjef Grønt Punkt Norge
Foto: Olaug Bjørneset / NRK