Hopp til innhold

Pilotanlegg for vassproduksjon

Bedrifta CleanPower i Kristiansund opnar denne sommaren eit pilotanlegg for vasskraftproduksjon.

Turbinator frå CleanPower under montering

Turbinatoren blir montert i Tydal.

Foto: CleanPower

Anlegget er bygd for Statkraft i Tydal i Trøndelag, og skal produsere straum av vatnet som styresmaktene pålegg kraftprodusenten å sleppe ut om sommaren.

«Turbinator»

Nedst i dammen er det sett inn eit rør med ein turbingenerator i. Kombinasjonen av turbin og generator har Kristiansund-bedrifta brukt fire millionar kroner på å utvikle. "«Turbinator», kallar dei oppfinninga som Innovasjon Norge og Statkraft har vore med på å finansiere utviklinga av.

Generatoren blir kjølt ned av vatnet som strøymer gjennom røret og kan difor stå montert ute heile året utan å trenge luftkjøling slik vanlege generatorar treng.

Trur på Europa

Egil Opsahl

Dagleg leiar ved CleanPower, Egil Opsahl.

Foto: CleanPower

Turbinatoren som er montert i Tydal produserer kraft nok til 40 husstandar

Dagleg leiar Egil Opsahl har stor tru på marknaden i Europa fordi det er nye krav om å sleppe ut meir vatn for å sikre miljøet i elvane.

Ei rekkje verksemder i Møre og Romsdal har vore involverte i produksjonen av turbinatoren.